Ph.d.-stipendiat i uorganisk kjemi og katalyse

Universitetet i Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Ph.d.-stipendiat i uorganisk kjemi og katalyseUiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Stipendiat i uorganisk kjemi og katalyseVed er det ei ledig stilling som ph.d.-stipendiat i uorganisk kjemi, materialkjemi og katalyse. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).Stillinga er ein del av prosjektet Recyclable Catalysts for Sustainable Polymers from CO2 and Bio-based Epoxides, som er finansiert som eit Starting Grant frå Trond Mohn forskningsstiftelse (TMF). Forskingsgruppa held til i splitter nye laboratoriefasilitetar ved Kjemisk institutt, UiB.Om prosjektet/arbeidsoppgåver
  • Arbeidet vil primært fokusere på syntese og påfølgjande katalysetesting. I første omgang vil fokus vere på designe og syntetisere koordinasjonskompleks og/eller organometalliske katalysatorar i kombinasjon med polyoksometalat. Eit viktig aspekt vil vere utvikling av veleigna kation, inkludert ioniske væsker, for utvikling av katalysatorer med kontrollert løysingsevne.
  • Det overordna målet er å utvikle effektive katalysatorar for produksjon av berekraftige polymerar, der CO2 skal brukast som ein av råvarene.
  • Dei som blir tilsett skal designe, syntetisere og karakterisere hybride organisk-uorganiske sambindingar, som er potensielle katalysatorar for effektiv og selektiv konvertering av epoksid og CO2 til polykarbonat.
  • Sambindingane skal testast systematisk i standardprosessar for epoksid/CO2- kopolymerisering, og deretter i prosessar med fornybare epoksid for ein meir miljøvennleg produksjon av plast.
  • Dei som blir tilsett inngå i ei forskingsgruppe, og vil jobbe saman med forskarar, PhD-, MSc- og BSc-studentar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 30.06.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha ein dokumentert solid bakgrunn i organometallisk kjemi eller hybride polyoksometalat, med vekt på syntetiske metodar og val av eksperimentelle parameter. Det er ein fordel å ha dokumentert kompetanse i begge.
  • Dokumentert solid erfaring med minst éin av følgjande analytiske teknikkar for strukturkarakterisering er eit krav; NMR-spektroskopi, éinkrystall røntgenkrystallografi eller massespektrometri.
  • Erfaring med design, syntese og karakterisering av ioniske væsker er ein føremon.
  • Erfaring med homogen katalyse er ein føremon.
  • Erfaring med andre analytiske teknikkar som IR, GC, GC-MS, og elementanalyse er ein føremon.
  • Kunnskapar i norsk er ein føremon.
  • Søkjarar må ha:
  • gode evner til kritisk tenking og skriving.
  • evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og til å samarbeide med andre.
  • gode kunnskapar i engelsk både skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.For stillinga gjeldt følgandeOm stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du ved Universitetet i Bergen.Vi tilbyr
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • g
Søknaden skal innehalde
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV.
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 30.06.2024.
  • relevante attestar.
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.
). * eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Mali Husby Rosnes, Kjemisk institutt, e-post: Mali.Rosnes@uib.no.For HR-relaterte spørsmål rådgivar Anna Folgerø, e-post anna.folger@uib.no.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen .Livet som ph.d.-kandidat ved UiBAstrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.Kunnskap som formar samfunnetUniversitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. og

Universitetet i Bergen