Aktivitetskontakt

Fjord kommune

  • Fjord, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 27 dager siden
Om stillingaHar du lyst på ein spanande jobb som kan gjere kvardagen lysare for andre?Hovudmålet med ei aktivitetskontakt er å gje den enkelte ei meiningsfull fritid og eit meir sosialt liv. Ei aktivitetskontakt hjelper å styrke personen sine fritidsinteresser og sosiale nettverk. Både born, ungdom og vaksne med ulik grad av behov for tilrettelegging kan trenge aktivitetskontakt. Personen sine ønsker, draumar og behov skal vere i fokus. Det å vere aktivitetskontakt skal vere givande og kjekt, samtidig som du gir eit forsvarleg og godt tilbod. Det kan vere turar, besøk heime eller på kafe, kino, svømming, trening, bibliotek, og mykje anna.Eit oppdrag kan variere i timetal, men oftast to timar per veke. Løn etter timesatsar, og køyregodtgjering i oppdraget kan avtalast med forvaltningskontor etter individuell vurdering.Det blir kravd godkjent politiattest for å bli aktivitetskontakt, og du har teieplikt.Du får nødvending rettleiing. Dette er viktig både for eigen trivsel og kjensle av å meistre oppdraget, samt kvalitet i tilbodet.Søknader vert behandla fortløpandeNøkkelinformasjonSøknadsfrist:30.06.2024Arbeidsgivar:Fjord kommuneStad:VALLDALStillingstittel:AktivitetskontaktStillingar:5Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:AnnaStillingsprosent:5Webcruiter-ID:4743177322Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Vere med brukar på aktivitetar
  • Fritidskontakt
  • Trening- og fritidskompis
Kvalifikasjonar
  • Fylt 16 år
  • Politiattest
  • behersker norsk godt
  • Bilsertifikat (ønskeleg)
Personlege eigenskapar
  • Stabil og påliteleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Respekt for andre menneske
  • Overskot til å gje av deg sjølv
  • Positiv og god motivator
  • Ser moglegheiter istadenfor begrensingar
Vi tilbyr
  • Omfanget på eit oppdrag kan variere i timetal, men oftast to timar per veke.
  • Lønn etter tariff.
KontaktinformasjonElisabeth MidtbustE-post: elisabeth.kristin.midtbust@fjord.kommune.noHilde FurstrandE-post: hilde.christin.rognso@furstrand@fjord.kommune.noOm arbeidsgivarenFjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via

Fjord kommune