Ferievikarer sommeren 2024

Ålesund kommune

  • Skodje, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 27 dager siden
Om stillingaHar du lyst på ein spennande og meiningsfylt feriejobb?Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar, og kanskje du er ein av dei? Vi gir teneste til personar med ulike behov, dei fleste med diagnosen utviklingshemming
Frå ca. 15. Juni og fram til ca. 31. August treng vi sommarvikarar til å gje praktisk/personleg bistand
til tenestemottakarar i Butjeneste Nordre - Avdeling Skodje 1 og Skodje 2.Vi ønskjer difor å kome i kontakt med deg som kanskje er under utdanning, eller som har lyst til å bli kjent med eit nytt yrke.
Vi treng Sjukepleiarar, Vernepleiarar, Helsefagarbeidarar, Miljøterapeutar, Assistentar eller Omsorgsarbeidarar. Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så vil vi gje deg god opplæring.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:01.05.2024Arbeidsgivar:Ålesund kommuneStad:SkodjeStillingstittel:Ferievikarer sommeren 2024Stillingar:30Heiltid / Deltid:Heiltid, DeltidTilsetjingsform:SommarjobbStillingsprosent:100, 80Webcruiter-ID:4741649533Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Skape gode aktivitetar saman med tjenestemotakarar
  • Yte hjelp til tjenestemotakar når det trengs.
  • Dokumentasjon
  • Skape gode og trygge relasjonar
  • Legemiddelhandtering
  • Samarbeide og skape eit postivt miljø
Kvalifikasjonar
  • Du er ferdig utdannet eller er i et utdanningsløp, gjerne innen helserelaterte yrker
  • Det kreves Politiattest
  • Førerkort kl B
Personlege eigenskapar
  • Du er fleksibel, lojal og likar å jobbe med menneske.
  • Du evner å bygge gode relasjonar med andre menneske
Vi tilbyr
  • Tariffløn, godt arbeidsmiljø og eit stimulerande miljø der du kan auke din kompetanse
  • Kanskje blir dette din framtidige arbeidsstad?
  • Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 10 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 25 - 34 i 2024. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar- og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
Adresse: Nedreskodjevegen 10, 6260 Skodje, NorgeKontaktinformasjonEirik FrøystadVerksemdsleiarOm arbeidsgivarenÅlesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Ålesund kommune

Lignende stillinger

  • Ferievikarer sommeren 2024

    Ålesund kommune

    • Skodje, Møre og Romsdal
    Ferievikarer sommeren 2024 Buteneste nordre - Avdeling Skodje 1 og Skodje 2 Om stillinga Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt feriejobb? Vi treng fleire dyktige og mo…
    • 10 dager siden
  • Helsehuset Stella Maris ferievikar 2024

    Vestnes kommune

    • Vestnes, Møre og Romsdal
    Helsehuset Stella Maris søkjer etter ferievikarar for perioden 17.06.24 - 25.08.24. Ferievikariat på Helsehuset Stella Maris har ulike turnusar. Krav til kompetanse - sjukepleia…
    • 2 måneder siden
  • Ferievikar butenesta 2024

    Haram kommune

    • Brattvåg, Møre og Romsdal
    Om stillinga Frå ca. 15. Juni og fram til ca. 31. August treng vi sommarvikarar til å gje praktisk/personleg bistand til tenestemottakarar i Butenesta Haram, Solbakken bukollekti…
    • 27 dager siden