Vernepleiar 100% fast stilling

Kvinnherad kommune

  • Kvinnherad, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 17 dager siden
Bu- og habilitering er ei eining i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for eininga er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.Omtale av stillingar
  • 2 faste vernepleiar stllingar på 100 % som er ledige frå august 2024.
  • Arbeidstida er turnusarbeid med arbeid 3. kvar helg.
  • Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelp, sosial trening og opplæring i daglege gjeremål. Stillinga er tillagt fagleg ansvar knytta til kartlegging og planlegging av vedtak for brukarane.
Ved intern rekruttering, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetja i desse stillingane frå same søkjarmasse.Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som vernepleiar. Andre med 3- årig høgskuleutdanning innan helse eller pedagogiske fag, samt relevant erfaring kan bli vurderte.
Søkjarar må ha sertifikat på bilEigenskapar
  • Fleksibel og løysningorientert
  • Gode evner til kommunikasjon
  • Kunne arbeide sjølvstendig og samarbeiede med andre
  • Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg
  • Kunna takla utfordrande adferd.
Vi tilbyr
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

Kvinnherad kommune