Ferievikar

Ulstein Verft AS

  • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Om stillingaUlstein Verft har for tida høg aktivitet grunna mange kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og vi søkjer difor etter ferievikarar til ulike avdelingar i vårt produksjonsområde. Vi er på utkik etter deg som kan tenke deg å bidra til ulike vedlikehaldsoppgåver ved vårt anlegg. For å kunne ta arbeid i vårt produksjonsområde må du vere fylt 18 år.Søkjer du på stillinga, ber vi om at du i søknaden legg inn informasjon om periode du kan arbeide.
Born av eigne tilsette vert oppmoda om å søkje.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:30.04.2024Arbeidsgivar:Ulstein Verft ASStad:UlsteinvikStillingstittel:FerievikarStillingar:6Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikariatStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4797197485Sosial deling :ArbeidsoppgåverDu vil få moglegheit til å arbeide med ulike oppgåver innan vedlikehald i våre produksjonsavdelingar. Dette kan mellom anna vere malingsarbeid, rydding og sortering i avdelingar og på anlegget, eller arbeid i avdeling saman med våre operatørar dersom du har nødvendige kvalifikasjonar.KvalifikasjonarVi ser etter deg som kan jobbe sjølvstendig og deg som likar å arbeide i team.
Har du relevant fagbrev, eller kanskje truckførarbevis, vil vi kunne tilpasse avdeling og arbeid ihht dette.Opplæring og reittleiing i arbeidsoppgåver du vert sett til vil verte gitt.Vi tilbyrUlstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar og som ferievikar tek du sjølvsagt del i Ulstein sine forsikrings- og pensjonsordningar.Adresse: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik, NorgeKontaktinformasjonAnn Kristin Hatløy FiskaaHR AdvisorOm arbeidsgivarenULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har 360 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Ulstein Verft AS

Lignende stillinger

  • Selger JYSK Ulsteinvik - ferievikar

    Jysk

    • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
    Selskapsbeskrivelse JYSK er en internasjonal møbelbutikkjede med skandinaviske røtter som gjør det enkelt å møblere alle rom i ethvert hjem og hage. Med mer enn 3000 butikker o…
    • 19 dager siden
    • Enkel søknad
  • Selger JYSK Ulsteinvik - ferievikar

    Jysk

    • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
    Beskrivelse av bedriften JYSK er en internasjonal møbelbutikkjede med skandinaviske røtter som gjør det enkelt å møblere alle rom i ethvert hjem og hage. Med mer enn 3000 butik…
    • 19 dager siden
  • FERIEVIKARAR SOMMAREN 2024

    Sula kommune

    • Langevåg, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vi har behov for ferievikarar frå starten av juni og ut august 2024. Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottak…
    • 27 dager siden