Undervisning

Vestnes kommune

  • Tresfjord, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 14 dager siden
Informasjon
Det er ledig inntil 300% undervisningsstillingar med tiltreding 01.08.2024. Utover våren kan det bli ytterlegare behov grunna permisjonar, utdanning osb.Helland ungdomsskule ligg midlertidig plassert i vakre Tresfjord omlag 15 km frå Vestnes sentrum. Dette skuleåret er det omlag 170 elevar fordelt på 7 undervisningsgrupper. Vi har eit godt kvalifisert personale på om lag 30 personar som jobbar i tre team rundt årsstega. Den som blir tilsett kan pårekne å vere kontaktlærar. Ei av stillingane er opp mot elevar frå Kollen ungdomsbase.Arbeidsoppgåver
- undervisning og rettleiing av elevar
- vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
- motivere elevane til innsats for eiga læring
- tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
- rettleie elevar fagleg og sosialtKvalifikasjonar
- Fag som er av interesse er norsk, engelsk og naturfag. Andre fagområde er også aktuelle
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Det er ønskeleg med norsk på nivå B2.
- ha god kommunikasjonsevne
- digital kompetanse
- bidra til teamutvikling
- engasjert og fagleg dyktig
- det blir stilt krav om politiattest
- det vert særskilt stilt krav til allmennlærarutdanning, men tilsvarande pedagogisk utdanning vil også bli vurdert
- personlege eigenskapar vil og bli vektlagt som til dømes å kunne bygge gode relasjonar med elevane.Personlege eigenskapar
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevneVi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på samhandling rundt våre elevar
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtaleTilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju. Intervjuet kan gjerast på Teams om det er naudsynt.Referansar
Oppgi referansarSøknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Vestnes kommune

Lignende stillinger

  • Psykolog/psykologspesialist

    Helse Møre og Romsdal

    • Molde, Møre og Romsdal
    Om stillinga Poliklinikk psykisk helse DPS Molde har ledig fast 100 % stilling for psykolog/psykologspesialist. Vi søker kollega som er interessert og engasjert i pasientar med p…
    • 3 dager siden
  • Lege i spesialisering (LIS) innan ortopedisk kirurgi

    Helse Møre og Romsdal

    • Molde, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vil DU bli med på laget vårt? Vi søkjer ein kollega med interesse for elektiv og akutt ortopedi! Avdeling for ortopedi SNR har ledig fast stilling for lege i spesi…
    • 11 dager siden
  • Høgskolelektor/høgskolelærer i paramedisin

    Høgskolen i Molde

    • Molde, Møre og Romsdal
    • kr 615.700-679.700 pr år
    Høgskolelektor/høgskolelærer i paramedisin Høgskolen i Molde søker Om oss Høgskolen i Molde - Vitenskapelig høgskole i logistikk (HiMolde) er en ledende utdannings- og forskn…
    • 18 dager siden