Universitetslektor i kunsthistorie

Universitetet i Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Universitetslektor i kunsthistorieUiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Universitetslektor i kunsthistorieVelkomen som søkjar til eit ledig vikariat som universitetslektor i kunsthistorie i 50 % stilling frå 1. august 2024 til 1. april 2025 ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Universitetslektoren skal undervise mest i KUN 107 Mellomalder, renessanse og barokk i høstsemesteret, men òg i andre emne der det trengst.LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 7 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.Av dei fast tilsette ved LLE arbeider for tida seks innanfor faget kunsthistorie. I tillegg er det for tida fire ph.d.-stipendiatar og ein postdoktor i disiplinen.Stillingsomtale:I stillinga ligg det undervisning og undervisningsrelatert arbeid, i tillegg til noko administrasjon.Som ein del av arbeidet, kan tilsette bli tildelt undervisings-, rettleiings- og sensoroppgåver innan kompetanseområdet sitt ved andre institutt.Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:Den som vert tilsett, må ha:
  • Norsk mastergrad i kunsthistorie eller anna relevant fag.
  • Kompetanse til å undervise i store deler av programmet i kunsthistorie.
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse frå utdanning eller røynsle med undervising og rettleiing.
Det er ein føremon med:
  • Relevante forskingsresultat utover mastergradsnivå.
  • Relevant yrkespraksis.
Det blir kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Søkjarar må også ha utmerka kunnskapar i engelsk.Den som blir tilsett, må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner blir difor tillagt vekt.Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 60-65 (kode 1009) for stilling som universitetslektor. For tida svarar dette til mellom 584 500 - 635 400 kroner årleg i full stilling før skatt. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode
Slik søkjer du stillinga:Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenka på denne sida ”SØK STILLINGA”.Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga.Dette må følgje søknaden:
  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna versjon eller stadfeste kopiar).
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar.
  • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna
  • pedagogisk erfaring), undervisningsopplegg og/eller evalueringar.
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar, med lenker til fulltekst.
Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.NB: Søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvarfor å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Anders Fagerjord på telefon 55 58 36 53 eller e-post .Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til .Nærare om tilsettingsprosessen .Om Universitetet i BergenUniversitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. og

Universitetet i Bergen