Miljøvaktmeister

Ulstein kommune

  • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Om stillingaVi søker deg som brenn for bustadsosialt arbeid.UEKF søker ein miljøvaktmeister som skal rettleie og bistå innbyggarar i kommunale gjennomgangsbustadar, med hovudmål om å ivareta eit godt bumiljø. Du vil bli ein del av eit tverrfagleg og tverrsektorielt team tilhøyrande UEKF.Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og oppmodar difor menn om å søkje på stillinga.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:02.05.2024Arbeidsgivar:Ulstein kommuneStad:ULSTEINVIKStillingstittel:MiljøvaktmeisterStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4797815141Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Jobbe for eit godt bumiljø
  • Rettleie og bistå leigetakarar
  • Gjennomføre tilsyn i dei kommunale utleigebustadane
  • Følge opp brannverntiltak og internkontroll
  • Kontroll av bustadar ved inn- og utflytting
  • Utføre enkle utbetringar, mindre reparasjonar og vedlikehald
Kvalifikasjonar
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode digitale kunnskapar
Personlege eigenskapar
  • Du er god på å kommunisere med menneske i ulike livssituasjonar
  • Du har god evne til å skape gode relasjonar
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du er engasjert, sjølvstendig, tek ansvar og har god arbeidskapasitet
  • Du er praktisk anlagt
Personleg eignaheit vil bli vektlagtVi tilbyr
  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Varierande og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode forsikring- og pensjonsordningar
  • Løn etter tariff/avtale
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.Adresse: Sjøgata 63, 6065 ULSTEINVIK, NorgeKontaktinformasjonPaul Arne UlsteinDagleg leiarKristin VikKommunalsjefOm arbeidsgivarenMellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

Ulstein kommune