Sjukepleiar, 100% fast stilling

Gulen kommune

  • Gulen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Sjukepleiar, 100% fast stillingSone Eivindvik - Gulen sjukeheimOm stillinga Me tilbyrGulen kommune har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar frå 01.06.2024, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Arbeid kvar tredje helg (det vert jobba med alternative arbeidsplanar på sikt).
  • Løn over tariff for sjukepleiar i turnus
  • Bonus på 100 000,- ved binding i to år (ratevis utbetaling)
  • Ekstra helgekompensasjon (skal evaluerast hausten 2024)
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om Sone Eivindvik - Gulen sjukeheimSone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik- krinsen, samt til personane på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik. Stillinga vil i fyrste omgang vere knytt til sjukeheimen, men det kan vere aktuelt med oppgåver både i heimetenesta og på sjukeheimen ved behov.Arbeidsoppgåver
  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Medikamentadministrasjon
  • Andre sjukepleiefaglege oppgåver
  • Avløysar for avdelingssjukepleiar
  • Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Førarkort klasse B
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskaparAnna
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon.
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Om ossGulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå for meir informasjon.

Gulen kommune

Lignende stillinger

  • Barne- og ungdomsarbeidar, 100% fast stilling

    Gulen kommune

    • Gulen, Vestland
    Barne- og ungdomsarbeidar, 100% fast stilling Dalsøyra barnehage og skule Om stillinga Barnehagane i Gulen har: Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innsp…
    • 1 måned siden
  • Fysioterapeut, 100% fast stilling

    Gulen kommune

    • Gulen, Vestland
    Fysioterapeut, 100% fast stilling Eining helse Om stillinga Vil du verte vår nye fysioterapeut med spanande og varierte arbeidsoppgåver? Sjekk ut denne annonsen og søk då vel…
    • 18 dager siden
  • Helsefagarbeidar natt, 65% fast stilling

    Austrheim kommune

    • Austrheim, Vestland
    Helsefagarbeidar natt, 65% fast stilling Nordliheimen søkjer helsefagarbeider til fast stilling på natt Er du helsefagarbeidar og ønskjer fast stilling med gode vilkår? Då er d…
    • 21 timer siden