Ønskjer du ei spennande leiarstilling med eit meiningsfullt samfunnsoppdrag?
NAV SUNNFJORD
- Førde, Vestland
- kr 710.000-760.000 pr år
- Fast
- Fulltid
- Fag-, resultat- og personalansvar for marknadsteam, team arbeid med støtte, team individuell jobbstøtte (jobbspesialistar), og aktuelle prosjektstillingar lagt til avdelinga
- Arbeid med systematisk helse- miljø- og sikkerheitsarbeid i kontoret og regionen
- Motivere, utvikle og leie avdelinga sine medarbeidarar i samsvar med mål og prioriteringar
- Oppfølging og rapportering på status og resultat i eiga avdeling
- Vere ein aktiv medspelar i kontoret og regionen si leiargruppe
- Bidra til gode, heilskaplege løysingar og kontoret/regionen si vidare utvikling
- Bygge relasjonar og knytte nettverk med sentrale samarbeidspartnarar
- Bidra til eit godt og helsefremmande arbeidsmiljø
- Legge til rette for kompetanseutvikling, læring, innovasjon og kunnskapsbasert praksis
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevante fagområde kan til dømes vere helse og sosial, pedagogikk, samfunnsfag, jus, økonomi eller leiing. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenester
- God erfaring frå å jobbe med menneske
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i norsk, - skriftleg og munnleg
- God digital kompetanse
- Leiarerfaring og/eller leiarutdanning
- Erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid
- Erfaring med helse- miljø- og sikkerheitsarbeid
- Førarkort for personbil
- Har gode relasjonsevner og samarbeider godt med andre
- Har gode kommunikasjonsevner
- Skapar motivasjon og eigarskap til felles mål og prioriteringar gjennom tillitsbasert leiarskap
- Ser behov og tek initiativ til forbetrings- og utviklingsarbeid
- Er inkluderande og arbeider systematisk for eit godt arbeidsmiljø
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardag
- Stort fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og høve for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Statleg tilsetting i stillingskode 1407 avdelingsleiar med lønnsspenn kr. 710 000 - 760 000 pr. år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgre lønn vurderast.
6800 FørdeNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 5008684449
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025Kontaktperson for stillingenMagne Kjetil BergNav Leiar99241911Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenNav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.NAVstillingSektorOffentlig