Aukra Omsorgssenter søker

  • Aukra, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Deltid
  • 3 dager siden
Aukra Omsorgssenter søker kokk i deltidsstilling. Stillinga utgjer 15% fast stilling på dagtid 3. kvar helg med mogleheit for vikarvakter i tillegg.Kjøkkenet på Aukra Omsorgssenter tilbyr variert, næringsrik og tilpassa kost til bebuarar og heimebuande som mottek denne tenesta på enkeltvedtak. Vi søker deg som som ønsker å arbeide i team, og ønsker å bidra til positive matopplevingar til våre eldre . Du må ha gode samarbeidsevne, og ønske om å bli ein bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø, Du må ha god evne til å gje og motta rettleiing. Du er fleksibel og sjølvstendig i arbeidet som kokk. Verdien i å tilby våre eldre gode matopplevingar er viktig for deg, og du er serviceinnstilt. Arbeidsoppgåver:
  • Produsere mat inkludert spesialkost / diettar. Kok/server metode
  • Tillaging av frukost, kveldsmat, dessertar og kaker
  • Oppvask, vask og reingjering jmf. hygieneforskrifter og internkontroll
  • Støtte i opplæring av kokkelærlingar fram til avlagt fagprøve
Personlige eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
  • Har fagbrev som ernæringskokk/ kokk
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Har engasjement for mat og ernæringsarbeid, og eit ønske om å spre matglede
  • Ansvarsbevisst, fleksibel og løysingsorientert
  • Har kjennskap til IK-mat, ernæring og spesialkost
  • Har stor arbeidskapasitet og godt humør
Vi tilbyr:
  • Et trivelig arbeidsmiljø med dyktige tilsette
  • Eit spennande og utviklande arbeidsfelt
  • Allsidige og varierte arbeidsoppgåver
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Løn etter HTV
  • Kommunale tilsettingsvilkår
PrøvetidGjensidig effektiv prøvetid på 6 månaderSøkarlisteOm du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.Søknad sendastAukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenNina Tomren (einingsleiar)Einingsleiar+47 90602621 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenAukra Omsorgssenter er nytt og moderne, og vi flytta inn i 2018. Ein har teke i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og nyttar det aktivt i tenesta i pleie og omsorg. Aukra Omsorgssenter har 30 plassar fordelt på lang- og korttidsplassar. I same bygget finn ein heimesjukepleie, dagsenter for eldre og 20 heildøgns omsorgsbustader. Institusjon og heimesjukepleie har tett samarbeid om brukarane. Sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie i turnus driftar legevaktsatelitt ilag utover vanleg kontortid. Det er felles nattevakter i institusjon og hos heimebuande.SektorOffentlig

NAV

Lignende stillinger

  • Aukra Omsorgssenter søker

    • Aukra, Møre og Romsdal
    Kjøkkenet ved Aukra Omsorgssenter ønsker seg lærling som ernæringskokk. Lærling vert tilsett fortløpende med oppstart etter avtale. Kjøkknet ved Aukra Omsorgssenter produserar mat …
    • 3 dager siden
  • Råkhaugen omsorgssenter, bofellesskap

    RAKHAUGEN BOFELLESSKAP

    • Molde, Møre og Romsdal
    Stillingstype Det er ledig 100 % fast stilling som vernepleier ved døgnbemannet bofellesskap på Råkhaugen omsorgssenter. Stillingen innebærer per tiden arbeid i langvaktsturnus. …
    • 1 dag siden