Fastlege -tilsynslege

Nordland fylkeskommune Se alle jobber

  • Sveio, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 5 timer siden
Fastlege -tilsynslegeOm stillingaFørde legekontor er eitt av tre legekontor i kommunen, og er lokalisert i Førde ca. 10 min. køyring frå Sveio sentrum. Førde legekontor er eit veldreve legekontor med kompetent hjelpepersonell, og kor ein pr. dags dato har 1400 listepasientar fordelt på 2 kommunalt tilsette fastlegar.Me har ledig 100% fast stilling som fastlege med fastlegeliste med tak på 600 pasientar. Pasientlista vert ivaretatt av vikar.I stillinga inngår og tilsynslegefunksjon på kommunen sitt omsorgssenter med 40% stillings storleik. Sveio er saman med 5 andre kommunar med i eit interkommunalt legevaktsamarbeid, og tilsett lege må pårekna deltaking i legevakt (inntil 2-3 vakter )Kommunestyret i Sveio vedtok sommaren 2025 å slå saman legekontora i kommunen til eit felles legekontor i Sveio sentrum, og planlegginga av dette er i gang.Arbeidsoppgåver
  • Fastlege for liste med tak på 600pasientar
  • Tilsynslege 40 % Sveio omsorgssenter (2 dagar i veka)
  • Tilplikta legevakt i interkommunal legevakt (Haugesund kommune vertskommune)
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege med spesialisering i allmennmedisin.
  • Legar utan spesialisering i allmennmedisin kan og søkja, då kommunen vil tilretteleggja for spesialisering i allmennmedisin (ALIS)
  • Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Det blir stilt krav om politiattest i tråd med lov om helsepersonell
Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fleksibel og serviceinnstilt
  • Kvalitetsbevisst
  • Nøyaktig og strukturert
  • Oppteken av å bidra tileitgodt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskaparvil bli vektlagt
Vi tilbyr
  • Stillinga er avløna med fastløn+ provisjonsavtale
  • Kommunal tilsetjing med fastlønn skjer etter gjeldande regelverk, og med pensjonsordning i KLP.
  • Kommunen er open forå drøfta andre drifts formar enn kommunal fast tilsetjing (privatnæringsverksemdeller 8.2 avtale) om ønskeleg.
Om Sveio kommuneVakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Nordland fylkeskommune