Rådgivar/seniorrådgivar - SNO Ålesund
Miljødirektoratet
- Ålesund, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
- relevant utdanning på masternivå, fortrinnsvis innan naturvitskaplege fag. Særleg relevant realkompetanse kan vega opp for kravet til utdanning.
- du er sjøvant og har bestått båtførarprøva. Maritimt VHF-sertifikat vil telle positivt. Teknisk innsikt i båtdrift er ein fordel. Helseerklæring frå sjømannslege må synast fram før tiltreding i stillinga.
- god kunnskap om ulike reiskapstypar som kan brukast i sjøen
- gode norskkunnskapar både munnlege og skriftlege. Engelsk er ein fordel
- førarkort klasse S og BE (krav ved tiltredingsdato)
- relevant praktisk erfaring frå feltarbeid, særleg på kontroll- og oppsynsarbeid, vil bli vektlagt. Gjennomført naturoppsynkurs vil også telja positivt
- kjennskap til den geografiske regionen i stillinga er ønskjeleg
- kjennskap til andre offentlege kontrollinstansar tel positivt
- Du har god rolleforståing og evnar å stå i krevjande situasjonar over tid innanfor eit omdømmekritisk arbeidsområde.
- Du er praktisk innretta og liker å arbeida ute i felt og om bord i båt.
- Du trivst med å arbeida sjølvstendig, tek ansvar for framdrift og kvalitet i leveransane dine i tråd med gjeldande instruksar.
- Du har gode samarbeidsevner og handterer vanskelege situasjonar på ein diplomatisk måte.
- Du har gode kommunikasjons- og formidlingsevner.
- Du rapporterer raskt og presis på dei oppgåvene som blir utførte.
- fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar
- ein spennande og utfordrande jobb der du bruker mykje tid i felt både på sjøen og fastlandet
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- eit godt og breitt nettverk av kollegaer i Miljødirektoratet
- fleksible arbeidstidsordningar og pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse
- lønn som rådgivar/seniorrådgivar i lønnsspennet frå kr. 584 500 (ltr. 60) til kr. 720 100 (ltr. 72) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særleg kvalifiserte søkjarar kan vurderast høgare.
Oppgi referansenummer 43-2024 SAK når du tek kontakt.Generelle opplysningarDu må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på . Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i vår.Om ossMiljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet.