Barne - og ungdomsarbeidar / assistent 100% stilling
NAV ALVER KOMMUNE
- Lindås, Vestland
- Fast
- Fulltid
Skuleanlegget vårt har gjennomgått fleire oppgraderingar og framstår i dag som moderne, driftsikkert og funksjonelt.Skulen vår har eit levande miljø med 270 elevar fordelt på 7. trinn. Vi har eit team på rundt 40 dyktige fagfolk, barne- og ungdomsarbeidarar, lærarar, leiing osv.ArbeidsoppgåverÅ jobbe med elevar som kan ha utagerande åtferd krev meir enn fagkunnskap - det krev varme, tålmod og evna til å sjå bak åtferda. Når du møter elevar som strevar, får du sjansen til å gjere ein skilnad - kvar einaste dag.Du lærer å lese signal, bygge tillit og skape trygge rammer. Du blir ein viktig vaksenperson i liva til barn og unge som treng det mest. Sjølv om dagane kan være krevjande, er det nettopp i dei små augeblikka - eit smil, ein roleg samtale, ei ny meistring - at du kjenner på verdien av det du gjer.Hos oss får du støtte, fagleg påfyll og eit sterkt lag rundt deg. Vi veit at det å trivast i jobben handlar om å bli sett, høyrt og heia på - akkurat som for elevane våre.Kompetanse
- fagbrev i barne - og ungdomsarbeidarfaget er ein fordel
- erfaring frå liknande arbeid med barn og unge vert vektlagt
- personlege eigenskapar vert vektlagt
- Trygg og tydeleg i vaksenrolla- du evnar å setje grenser på ein roleg og respektfull måte
- God relasjonskompetanse- du byggjer tillit og skapar tryggleik gjennom varme og forutsigbarheit
- Tålmodig og robust- du handterer krevjande situasjoner med ro og uthaldenheit
- Løysningsorientert og fleksibel- du tilpassar deg borna sine behov og finn gode strategiar i samarbeid med kollegaer.
- Evne til å stå i utfordrande situasjonar- du lar deg ikkje lett vippe av pinnen
- Empatisk og lyttande- du ser bak åtferda og møter borna med forståing og respekt
- Teamorientert- du samarbeider godt med kollegaer, føresatte og andre fagpersonar
- God observasjonsevne- du fanger opp signal, reflekterar og tar det med i vidare arbeid
- Ein meiningsfull jobb der gjer ein forskjell i livet til elevar
- Oppfølging og rettleiing
- Personleg utvikling
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk