Fagbioingeniør ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar

Helse Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 15 dager siden
Om stillingaSeksjon for lege- og rusmiddelanalysar har no ledig ei fast stilling som fagbioingeniør. Stillinga omfattar i hovudsak arbeid med rusmiddelanalysar, og inneber ein variert og utviklande arbeidskvardag med ansvar for drift og kvalitetssikring av avanserte analysar.Du vil arbeide med metodar utvikla ved seksjonen og bruke instrument som LC-MS/MS, LC-QTOF-MS, LC-QTRAP-MS og GC-FID, i tillegg til moderne robotar for handtering og opparbeiding av prøvemateriale.Seksjonen har 18 medarbeidarar, dette inkluderer 7 kjemikarar og 4 fagbioingeniørar. Vi har eit tett og godt samarbeid mellom faggruppene og eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og fagleg engasjement.Analyserepertoaret omfattar meir enn 50 ulike legemiddel og over 40 rusmiddel. Kvart år analyserer vi om lag 30 000 legemiddelprøver og 25 000 rusmiddelprøver frå både sjukehuset sine pasientar og primærhelsetenesta. I tillegg til omfattande rutinedrift driv vi og forsking og utviklingsarbeid.Seksjonen er ein del av Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har om lag 370 tilsette fordelt på 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, i tillegg til tre legegrupper (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi). Laboratoriet er akkreditert etter ISO-standard 15189.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:14.09.2025Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStillingstittel:Fagbioingeniør ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5004755550Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for den daglege drifta av rus- og alkoholanalysane
  • Jamleg tillaging og testing av ulike løysingar til drift av analysemetodane
  • Dagleg og vekentleg instrumentvedlikehald
  • Oppfølging av analytisk kvalitetskontroll
  • Skrive og redigeringsarbeid i EK
  • Opplæring og sertifisering av tilsette på seksjonen
  • Undervising/rettleiing av bioingeniørstudentar
  • Delta i dei daglege rutinane ved seksjonen, inkludert blodprøvetaking
  • Andre oppgåver kan bli tillagde stillinga
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som bioingeniør med minimum 2 års praksis etter endt utdanning
  • Erfaring frå arbeid med LC-MS/MS metodar og farmakologiske analysar er ein fordel
  • Gode datakunnskapar er ein fordel
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskaper blir vektlagde
Personlege eigenskapar
  • Evne til å arbeide nøyaktig, systematisk og konsentrert
  • Positiv, hjelpsam, løysingsorientert og målretta
  • Viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • Punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst
  • Gode gjennomføringsevner
  • Vere ein god teamarbeidar og bidra til godt samarbeid på seksjonen
  • Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø
Vi tilbyr
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Grundig opplæring og innføring i oppgåvene
  • Arbeid på dagtid. Noko helgearbeid på medreknast
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, NorgeKontaktinformasjonChristina RamsnesSeksjonsleiarE-post: christina.ramsnes@helse-bergen.noIngunn BørøSjefbioingeniørE-post: ingunn.boro@helse-bergen.noOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Bergen

Lignende stillinger

  • Lege i spesialisering, urologi

    Helse Bergen

    • Bergen, Vestland
    Om stillinga Avdeling for urologi har ledig 2 vikariat i 6-12 månader for lege i spesialisering i urologi med oppstart hhv. 1.oktober 2025 og primo januar 2026. Vikariat kan tell…
    • 3 dager siden
  • Lege i spesialisering, urologi

    Helse Bergen

    • Bergen, Vestland
    Avdeling for urologi har ledig 2 vikariat i 6-12 månader for lege i spesialisering i urologi med oppstart hhv. 1.oktober 2025 og primo januar 2026. Vikariat kan telle som del av sp…
    • 3 dager siden
  • SØKER LEGE TIL ADMINISTRATIVE OPPGAVER

    NORDIC HAIRCLINICS AS

    • Bergen, Vestland
    Hva vi ser etter VI SER ETTER EN LEGE GJERNE MED KIRURGISK ERFARING MEN IKKE PÅKREVD. GJERNE MED UTENLANDSK BAKGRUNN SOM TRENGER SPRÅKTRENING. GJERNE EN LEGE SOM ER PENSJONERT. …
    • 3 dager siden