Konsulent

Sunnfjord kommune

  • Førde, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 15 dager siden
Sunnfjord barnevern har per i dag 26,3 stillingsheimlar. Vi har valt å etablere team for å løyse dei kompliserte og samansette oppgåvene som barnevernet har. Vi har såleis eit undersøkingsteam som avklarar meldingane og gjennomfører undersøkingane. Vi har eit oppfølgingsteam som følgjer opp dei familiane som får hjelpetiltak i heimen. Vi har eit omsorgsteam som følgjer opp plasserte born og deira familiar i fosterheimar og institusjonar. Og vi har eit familieteam som har som mål å utvikle gode tiltaksforløp for å skape positiv endring i familiane.For at desse prosessane skal fungere, trengs det tilgjengeleg og god kontorfagleg bistand. Vår kontorfaglege tilsette over fleire år, blir straks pensjonist, og vi ønsker difor å tilsette ny. For å sette den nye inn i prosessane, og gje opplæring, vil der vere ei overlapping frå ca. november 2024 og til påske 2025.Arbeidsoppgåver er mellom anna:
  • saksbehandling i kommunen sitt administrative system (Visma)
  • oppretting av oppdragsavtalar i barnevernet sitt sakssystem (Familia)
  • økonomisk oppfølging som følgje av oppdragsavtalane
  • fakturabehandling (attestering)
  • dokumenthandtering (skanning av post, registrering)
  • varebestilling
  • delansvar ved opplæring av nytilsette, t.d. rettleiing i timeføring for andre tilsette
  • bistå einingsleiar i budsjettkontroll
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonarVi ønsker oss ein person som er nøyaktig, pliktoppfyllande og effektiv. Du har gode samarbeidsevner og jobbar sjølvstendig. Desse personlege eigenskapane er viktige for oss, men vi treng i tillegg også grunnleggande økonomiutdanning eller erfaring.Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, og kunne handtere periodar med stor aktivitet og tilhøyrande fristar.Du søker elektronisk.Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

Sunnfjord kommune

Lignende stillinger

  • IKT-konsulent/rådgjevar

    Sunnfjord kommune

    • Førde, Vestland
    • Gaupne, Vestland
    SySIKT er IKT-samarbeidet for 8 kommunar i Sunnfjord og Sogn, og er med sine 20 tilsette blandt dei største og leiande IKT- miljøa i Sogn og Fjordane. Samarbeidet har som overordna…
    • 10 dager siden
  • Kommunikasjonsrådgjevar

    Helse Førde

    • Førde, Vestland
    Vil du bli vår nye kommunikasjonsrådgjevar? Trivst du med å arbeide med digital kommunikasjon? Vil du vere med på å utvikle dei interne og eksterne kanalane våre til bestefor pas…
    • 2 dager siden
  • Miljøterapeutar

    Helse Førde

    • Førde, Vestland
    Om stillinga UPH (Ungdomsavdeling psykisk helsevern) er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i aldere…
    • 19 dager siden