Sommarjobb og helgevakter i avlastingsbustad for barn og unge
Bømlo kommune Se alle jobber
- Bømlo, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
Bustaden er tilrettelagt for barn og ungdom. Det viktigaste for oss som til dagleg arbeidar i bustaden, er å skapa tryggleik og trivsel for borna og ungdommane.Me er på jakt etter sommarjobb, men treng også helgevakter som går i turnus dag, kveld og natt. Det kan passe for deg som er student eller vil arbeide helg og deltid. Me set difor ikkje stillingsprosent på helgestillingane, då me ynkjer å vere i dialog kring turnus.Som sommarjobb kan du få utbetalt bonus. Les meir om bonusordninga under.
Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:30.04.2026Arbeidsgivar:Bømlo kommuneStillingstittel:Sommarjobb og helgevakter i avlastingsbustad for barn og ungeStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:MellombelsStillingsprosent:0Webcruiter-ID:5075345608Sosial deling :ArbeidsoppgåverSom ei natte- og helgevakt på bustaden vil du ha omsorg og ansvar for barna og ungdomane som oppheld seg i bustaden. Ta barna med på aktivitetar ute og inne. Følge opp interessene deira og gje dei gode opplevingar.Du vil få introduksjon / opplæring i forkant. Me kan lova deg ein spennande og variert jobb med høve for læring og utvikling. Det er ei bakvaktsystem og samarbeid med brann og redning og heimetenestene i kommunen på natt.Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.KvalifikasjonarHelsefagarbeidarar eller andre med helsefagleg utdanning.Det kan vere aktuelt å tilsette personar som er i helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har relevant erfaring.Personlege eigenskapar
- Du trivst ilag med barn og unge.
- Du skapar gode relasjonar til andre.
- Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
- Du er sjølvstendig og samarbeidar godt med andre.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. For faste tilsette i tenestene våre som jobbar turnus i mindre stillingar vil ekstra vakter i ferieavvikling kunne utløyse ekstra kompensasjon.Andre opplysingar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.