Om stillingaKysthospitalet i Hagevik (KiH) er ein del av Ortopedisk klinikk, og har status som spesialsjukehus innan elektiv ortopedisk kirurgi. Det vert årleg utført ca. 2000 operasjonar innan dei kirurgiske fagfelta protesekirurgi i hofter, kne og skulder, ryggkirurgi og artroskopisk kirurgi.Avdelingane våre for reinhald og vaskeri står for alt reinhald på sjukehuset. Oppgåvene blir utført i team, og etter standarden INSTA800.Arbeidstid er kvardagar mellom 06:30 og 19:00, og med arbeid pt. kvar 6 laurdag (07:30 - 15:00).Vi søkjer etter reinhaldar/assistent i 60% fast stilling frå 01.08.2026.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:17.04.2026Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStad:HagavikStillingstittel:Reinhaldar/AssistentStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:60Webcruiter-ID:5101917337Sosial deling :Arbeidsoppgåver
Dagleg reinhald ved sjukehuset
Dagleg sluttvask av operasjonsavdelinga (ettermiddagsvakt)
Mottak og sortering av skittentøy
Igangsetting og tømming av vaskemaskinar og tørketromlar
Klargjering av reint tøy
Det må påreknast ein del tunge løft
Diverse oppgåver som naturleg tilhøyrer reinhaldsavdelinga
Ved behov må det i periodar påreknast oppgåver også ved andre driftsavdelingar, t.d. på kjøkken.
Kvalifikasjonar
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg, er ein føresetnad
Ønskjeleg med erfaring frå reinhald i sjukehus
Ønskjeleg med erfaring frå vaskeridrift
Det er ein fordel med erfaring frå tungt og travelt arbeid
Personlege eigenskapar
Ansvarsbevisst
Sjølvstendig
Fleksibel
Engasjert
Bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Høgt fagleg nivå
Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik, NorgeKlikk for å leggje til kartKontaktinformasjonAtle OlsenEiningsleiarSigrid Kristin KvalvaagSeksjonsleiarOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.