Om stillingaGeiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus.Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov.Geiranger omsorgssenter har ledig:
56,10% fast stilling frå 01.10.2025
50% fast stilling frå 01.10.2025
Det må gå klart fram av søknaden om den gjeld ei eller fleire av stillingane.Kvifor velge oss:
Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
God variasjon i oppgåver og utfordringar
Fokus på trivsel og arbeidsglede
Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
Muligheit for vidareutdanning med støtte
God fastløn
Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige med inntil kr.10 000/mnd for ein tidsavgrensa periode
Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Dersom du kjenner andre som har lyst til å bo og arbeide i Geiranger, viser vi til Stranda kommune sine heime- og Facebooksider og til NAV for å få oversikt over andre ledige stillingar.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:18.09.2025Arbeidsgivar:Stranda kommuneStillingstittel:HelsefagarbeidararStillingar:2Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:56,1, 50Webcruiter-ID:5011957972Sosial deling :Arbeidsoppgåver
Heilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp til brukarane ved omsorgssenteret og heimebuande
Medikamenthandtering
Dokumentasjon
Tverrfaglig samarbeid og samarbeid med pårørande
Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving
Kvalifikasjonar
Erfaring frå pleie- og omsorgstenester er ein fordel, men ikkje eit krav
Autorisasjon som helsefagarbeiar
Alminnelege datakunnskapar
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B
Personleg eignaheit vektleggast
Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.Personlege eigenskapar
Trygg og Omsorgsfull
Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
Positiv og løysingsorientert
Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide med andre
Likar utfordringar
Interesse for faget
Vi tilbyrI stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot.Adresse: Maråkvegen 36, 6216 Geiranger, NorgeKontaktinformasjonElisabeth JelleEiningsleiarOm arbeidsgivarenStranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur.