Ønskjer du ei spennande leiarstilling med eit meiningsfullt samfunnsoppdrag?

NAV

  • Førde, Vestland
  • kr 710.000-760.000 pr år
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 timer siden
Om stillingaHar du eit brennande engasjement for inkludering, arbeidsliv og mangfald? Ønskjer du å jobbe med leiing innanfor eit meiningsfullt og høgt prioritert samfunnsområde? Då kan du vere den vi søkjer etter. Som avdelingsleiar i Nav vil du saman med tilsette, næringsliv og samarbeidspartar leie arbeidet med å sikre Nav sitt samfunnsoppdrag, og bidra til tenesteutvikling som betrar levekåra for vanskelegstilte, fremjar overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.Nav Sunnfjord og Ytre Sogn er kommunane i Sunnfjord, Høyanger, Fjaler og Hyllestad sitt felles Nav-kontor for til saman omlag 30 000 innbyggarar og 60 tilsette. Kontoret og avdelinga du kan bli ein del av består av skikkeleg flinke og trivelege folk. Vi er organisert i fire avdelingar som arbeider på tvers av lokasjonane i Førde, Høyanger, Dale og Hyllestad med eigen avdelingsleiar. Vi samarbeidar også tett med Askvoll og Kinn, då vi er regionkontor for Sunnfjord regionen.Stillinga inngår i leiargruppa i regionen og i kontoret, og rapporterer til Nav-leiar. Arbeidsstad er Førde, med kontordagar i Høyanger, Dale, og Hyllestad etter behov.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:21.09.2025Arbeidsgivar:NAVStad:FørdeStillingstittel:Avdelingsleiar jobbstøtteStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5008684449Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Fag-, resultat- og personalansvar for marknadsteam, team arbeid med støtte, team individuell jobbstøtte (jobbspesialistar), og aktuelle prosjektstillingar lagt til avdelinga
  • Arbeid med systematisk helse- miljø- og sikkerheitsarbeid i kontoret og regionen
  • Motivere, utvikle og leie avdelinga sine medarbeidarar i samsvar med mål og prioriteringar
  • Oppfølging og rapportering på status og resultat i eiga avdeling
  • Vere ein aktiv medspelar i kontoret og regionen si leiargruppe
  • Bidra til gode, heilskaplege løysingar og kontoret/regionen si vidare utvikling
  • Bygge relasjonar og knytte nettverk med sentrale samarbeidspartnarar
  • Bidra til eit godt og helsefremmande arbeidsmiljø
  • Legge til rette for kompetanseutvikling, læring, innovasjon og kunnskapsbasert praksis
Nav er i stadig utvikling, og det kan bli endring i arbeidsoppgåvene.KvalifikasjonarDu må ha:
  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevante fagområde kan til dømes vere helse og sosial, pedagogikk, samfunnsfag, jus, økonomi eller leiing. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
  • God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenester
  • God erfaring frå å jobbe med menneske
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i norsk, - skriftleg og munnleg
  • God digital kompetanse
Det er ein fordel om du har:
  • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning
  • Erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid
  • Erfaring med helse- miljø- og sikkerheitsarbeid
  • Førarkort for personbil
Vi ser etter deg som
  • Har gode relasjonsevner og samarbeider godt med andre
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Skapar motivasjon og eigarskap til felles mål og prioriteringar gjennom tillitsbasert leiarskap
  • Ser behov og tek initiativ til forbetrings- og utviklingsarbeid
  • Er inkluderande og arbeider systematisk for eit godt arbeidsmiljø
Kvifor velje oss
  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardag
  • Stort fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og høve for trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
  • Statleg tilsetting i stillingskode 1407 avdelingsleiar med lønnsspenn kr. 710 000 - 760 000 pr. år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgre lønn vurderast.
Adresse: Hafstadvegen 40B, 6800 Førde, NorgeKontaktinformasjonMagne Kjetil BergNav LeiarE-post: magne.kjetil.berg@nav.noOm arbeidsgivarenNav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.NAVstilling

NAV