Inntil to 100% stillingar som pedagogisk leiar

Bremanger kommune

  • Svelgen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Om stillingaVed Svelgen oppvekst avdeling barnehage er det ledig inntil to 100 % stillinger som pedagogisk leiar frå 01.08.24.Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med 2 barnehagar og ein barne- og ungdomsskule, og er den største driftseininga innan oppvekstsektoren i kommunen. Svelgen barnehage har 4 avdelingar med born i alderen 2 - 6 år. Både barnehagane og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagane i kommunen har eit tett samarbeid med felles kommunale tiltaksmodellar innan PALS og Resultatleiing. Som satsingsområde vil vi halde fram med kompetanseutviklingsprosjektet, «Inkluderande barnehage- og skulemiljø.» Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:07.04.2024Arbeidsgivar:Bremanger kommuneStad:SvelgenStillingstittel:Pedagogisk leiarStillingar:2Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4784756211Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartar
  • Bidra til eit trygt og godt leike,- lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
  • I samarbeid med fagleiar ha eit ansvar for oppfølging og leiing av fag, enkeltbarn, barnegrupper og foreldresamarbeid
  • Bidra til eit godt samarbeid på oppvekstsenteret, og på tvers av andre tenester
  • Ha fokus på fagleg utvikling, rettleiing og dokumentasjon
  • Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen
Kvalifikasjonar
  • Godkjend barnehage-/ førskulelærarutdanning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode norsk-kunnskapar
Personlege eigenskapar
  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
  • Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
  • Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
  • Du trivast med å vere ute i all slags ver heile året, og bruke uterommet i det pedagogiske arbeidet
Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje
  • God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
  • Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!
Adresse: Gunnar Scheldrups veg 31, 6723 Svelgen, NorgeKontaktinformasjonSindre Myklebust FjeldDriftssjef Svelgen oppvekstOm arbeidsgivarenBremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på

Bremanger kommune