Alver Optikk søker butikkmedarbeidar

Alver Optikk as

  • Vestland
  • Fast
  • Deltid
  • 19 dager siden
Alver Optikk søker ny butikkmedarbeidar/kunderådgjevar til vår butikk i Knarvik. Me ser etter ein person som er serviceinnstillt og imøtekommande, gjerne med erfaring frå butikk, men nødvendig opplæring vil bli gitt.Stillinga er i første omgang ca 30%, med arbeid annakvar laurdag, samt 1-2 dagar pr veke.Det er mogleg med meir arbeid i forbindelse med feriar.Kvalitetar me ser etter· Serviceinnstillt og ærleg· Lærevillig og nysgjerrig på ny kunnskap· Evne til å arbeide sjølvstendig· Ordenssans· Interesse for mote og trendarArbeidsoppgåvene vil være· Sal av briller og kontaktlinser· Kunderådgjeving· Assistere optikar· Halde orden i butikken· Små brillereparasjonarMe kan tilby godt arbeidsmiljø, konkurransedyktig lønn og trivelege kundar.Om arbeidsgiverenAlver Optikk tilbyr synsundersøkingar, tilpasser kontaktlinser og sel briller/solbriller. Me er medlem av C)Optikk. Det gir oss moglegheit for innkjøp og fagleg utvikling saman med 167 andre optiske butikkar i Noreg. Me har likevel stor fridom til å drifte butikken og føre dei produkt som me har mest trua på. Me strekker oss etter å heile tida ha eit moderne utval innfatningar, dei beste brilleglasa og kontaktlinsene, samt synsundersøkingar basert på dei nyaste faglege anbefalingane. Kundane våre er i fokus, og me tek oss tid til å tilpasse synsundersøking og butikkoppleving til den enkelte.SektorPrivatStedKvernhushaugane 4, 5914 IsdalstøBransjeButikk og varehandel,Helse og omsorgStillingsfunksjonButikkansatt,Helsepersonell / Optiker,Salg / ProduktsalgArbeidsspråkNorsk

Finn