Prosjektleiar

Sunnfjord Miljoverk IKS

  • Førde, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 29 dager siden
ProsjektleiarVi søkjer prosjektleiar for bygging av nytt avfallsanlegg i MoskogSunnfjord Miljøverk IKS (SUM) er i gang med å planleggje og realisere eit nytt og moderne avfallsanlegg i Moskog. Vi ser no etter ein erfaren og engasjert prosjektleiar som vil vere med å forme framtidas miljøløysingar og sikre ei berekraftig avfallshandtering for regionenOm stillingaDine hovudoppgåver blir:
  • Leie planlegging og prosjektering av nye avfallsanlegg frå idéfase til ferdigstilt anlegg.
  • Utarbeide prosjektplanar, framdriftsplanar, budsjett og risikoanalysar.
  • Sørgje for god dialog med relevante myndigheiter og sikre nødvendige godkjenningar og løyve (t.d. byggesøknader og utsleppsløyve).
  • Koordinere og følgje opp rådgivarar, entreprenørar og leverandørar.
  • Sikre at tekniske løysingar er framtidsretta, kostnadseffektive og miljøvennlege.
  • Følgje opp kontraktar, anbod og innkjøp i tråd med offentleg regelverk og interne rutinar.
  • Sørgje for god dokumentasjon og rapportering gjennom heile prosjektet.
  • Ansvar for framdrift, kvalitet, HMS og økonomistyring i prosjektet..-.
  • Samarbeide tett med drift og andre interne funksjonar for å sikre gode overleveringar og brukartilpassa løysingar.
  • Rapportere til prosjektstyre og leiing, og leggje fram status og avvik ved behov.
Vi ser etter deg som har:
  • Relevant høgare utdanning innan bygg, anlegg, ingeniørfag eller prosjektleiing.
  • Erfaring med større bygge- eller infrastrukturprosjekt, gjerne innan avfall, miljø eller offentleg sektor.
  • God kjennskap til offentlege anskaffingar, prosjektstyring og risikohandtering.
  • Evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og målretta.
  • Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr:
  • Ei nøkkelrolle i eit samfunnsnyttig og framtidsretta prosjekt.
  • Konkurransedyktige vilkår og fleksibel arbeidstid.
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • God tenestepensjon og forsikringsordningar.
Sunnfjord miljøverkSunnfjord Miljøverk IKS er renovasjonsselskapet til kommunane Sunnfjord, Askvoll, Fjaler og Hyllestad - til saman om lag 29 000 innbyggjarar og 12 500 abonnentar. Vår viktigaste oppgåve er å løyse kommunane sine utfordringar innan avfallshandtering på ein mest mogleg miljø- og kostnadseffektiv måte.Vi er eit selskap i vekst og har store ambisjonar for framtidas renovasjonstenester i regionen. Les meir om oss på

Sunnfjord Miljoverk IKS