100% stilling som miljøarbeidar ved EM-tiltak i Verksemd for inkludering

ULLENSVANG KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON ODDA

  • Odda, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 7 timer siden
Ullensvang kommune - Miljøarbeidar i EM-tiltaketStillingstype: 100 % fast stilling
Arbeidsstad: EM-butiltak - Kinsarvik Brygge og DalesvingenOm stillingaEM-tiltaket er eit døgnbemanna butilbod for einslege mindreårige flyktningar (15-18 år) i Ullensvang kommune. Vi har to bufellesskap: Kinsarvik Brygge midt i sentrum og Dalesvingen i naturskjøne omgjevnader. Her legg vi til rette for tryggleik, omsorg og utvikling for ungdom som har kome åleine til Noreg.Vi søkjer no ein miljøarbeidar i 100 % fast stilling. Du blir del av eit engasjert team som arbeider i døgnturnus/ langvakter - 2 eller 3 døgn på arbeid etterfølgt av vekefri. Arbeid kvar 4. helg. Du vil ha vakter ved begge bustadene i tiltaket.Arbeidsoppgåver
  • Rettleie og støtte ungdom i kvardagen ut frå individuelle behov og mål.
  • Delta i daglege gjeremål, aktivitetar og sosialt fellesskap.
  • Planleggje og følgje opp tiltak saman med kollegaer.
  • Bygge gode relasjonar og bidra til eit trygt og utviklande bumiljø.
  • Samarbeide med skule, helse og andre eksterne instansar.
  • Bidra til enkelt vedlikehald i husa saman med ungdommane, som ein del av kvardagsmeistring og praktisk opplæring.
Kvalifikasjonskrav
  • Gjerne sosialfagleg utdanning, men relevant erfaring kan kompensere.
  • Førarkort kl. B.
  • God munnleg og skriftleg norsk (B2-nivå for søkjarar utanfor Skandinavia).
  • Gode digitale ferdigheiter.
Det er ein fordel med:Tilleggsutdanning/kurs innan fleirkulturell forståing, psykisk helse, traumebevisst omsorg, rettleiing eller ICDP.Personlege eigenskapar
  • Robust, fleksibel og med godt humør.
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team.
  • God på kommunikasjon, konflikthandtering og relasjonsbygging.
  • Evne til å møte ungdom med empati og kultursensitivitet.
Me tilbyr
  • Spennande og meiningsfullt arbeid i eit tiltak i utvikling.
  • Varierte oppgåver og gode høve til kompetanseheving.
  • Løn etter hovudtariffavtalen.
  • Gode pensjons-, permisjons- og velferdsordningar.
  • IA-verksemd med fokus på arbeidsmiljø.
Krav
  • Gyldig politiattest.
  • Godkjent tuberkulinstatus.
  • Krav til førarkort
Sletting av utdanningsgjeld/studielånUllensvang kommune er omfatta av den nasjonale ordninga for sletting av utdanningsgjeld.Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSB sitt sentralitetsnivå 5 og 6 kan frå januar 2026 få sletta inntil 25 000 kroner av utdanningsgjelda per år. For å få sletting må du vere busett i ein av desse kommunane og vere yrkesaktiv i minst eitt år. Slettinga gjeld kvart år fram til heile gjelda er nedbetalt, og omfattar alle typar utdanningsgjeld - uavhengig av når ho er teken opp.Personar som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit etter denne datoen, blir kvalifiserte til å få sletting etter eitt års butid.Til orientering om OffentleglovaUtgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at namnet ditt vert synleg på kommunen si postliste når du søkjer stillinga.For å gjere unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdere dette konkret i kvar enkelt sak.I følgje Offentleglova § 25 kan det gjerast unntak frå innsyn dersom søkjaren sjølv ber om det. Ved vurderinga skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.I utlysinga skal det gjerast merksam på at opplysningar om søkjaren likevel kan bli offentlege sjølv om vedkomande har bedt om unntak. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren få varsel om dette.Arbeidsavtalar i Ullensvang kommuneDei som blir tilsette i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Avtalen blir sendt på SMS og e-post med lenkje til signering.Dersom du har fått munnleg melding om tilsetjing, vil du òg få arbeidsavtale tilsendt. Dersom e-posten ikkje kjem fram i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller bruk denne lenkja:
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenTrude Elisabeth Bakken+47 95748262 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriften- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49SektorOffentlig

ULLENSVANG KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON ODDA