Ledig 100% stilling som prosjektleiar ved tekniske eining

Lærdal kommune

  • Lærdal, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 20 dager siden
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.Lærdal kommune har fleire store byggeprosjekt i åra som kjem, og me søkjer difor etter 100% fast stilling som prosjektleiar ved teknisk eining.Arbeidsoppgåver:
  • Stillinga som prosjektleiar vil gi deg varierte og spennande arbeidsoppgåver, i hovudsak knytt opp mot kommunale investeringsprosjekt
  • Som prosjektleiar vil du leie prosessar i alle fasar fram til ferdig utbygging, og du vil såleis ha ansvaret for gjennomføring av heile prosjektet
  • Andre oppgåver kan òg verta tillagt stillinga
Krav til utdanning/tidlegare erfaring:
  • Me søkjer etter personar med relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Erfaring frå arbeide med byggeprosjekt
  • Søkjar må ha førarkort for bil
Me legg vekt på personlege eigenskapar, og ser etter deg som er:
  • Sjølvstendig og strukturert, ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og bygge tillit til dei rundt deg
  • Kan arbeide og leie arbeidet i tverrfagleg team
  • Løysningsorientert - og ser heilskapen for kommunen i prosjektarbeidet
  • Evne til å lede prosessar i dei ulike fasane, frå ide fase til ferdig prosjekt
  • Du har god gjennomføringsevne og evne til å ta avgjere
  • Ser endringar i oppgåver som ein naturlig del av arbeidskvardagen
  • Du likar utfordringar og har stor arbeidskapasitet
Me kan tilby:
  • Lønn etter avtale
  • Fleksitid og gode arbeidsordningar for å avspasere
  • Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglar og avtaleverk
  • Pensjonsordning med 2% innbetaling til KLP
  • Godt arbeidsmiljø og gode moglegheiter for fagleg påfyll
  • Varierte arbeidsoppgåver

Lærdal kommune