Assistent/Barne- og ungdomsarbeidar

Helse Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 1 dag siden
Om stillingaHelse Bergen eig og driv fire barnehagar med ca. 250 plassar til saman. Barnehagane ligg sentralt ved Haukeland universitetssjukehus og Sandviken sjukehus.Livsmeistring og helse er satsingsområdet vårt, og det er tett samarbeid mellom barnehagane kor vi hentar idear og inspirerer kvarandre i dette arbeidet. Vi har «Inkluderande leike- og læringsmiljø» som utviklingsprosjekt og er i startfasen når det gjeld leik med digitale verktøy. do:be er eit av våre digitale verktøy.Barnehagane i Helse Bergen tar del i internasjonalt samarbeid gjennom EU-programmet Erasmus + alle våre tilsette kan søke om å delta på studietur og besøke barnehagar i andre land. Internasjonalt samarbeid er ein unik moglegheit til å utvikle kvalitet ved å sjå på praksis i andre land og gjennom refleksjon med andre utdanningsinstitusjonar samtidig få eit blikk på eigen praksis.Synest du dette verkar spennande, og ser på deg sjølv som ein fagleg og engasjert medarbeider, er du velkommen til å søke stilling hos oss. Vi treng motiverte medarbeidarar som vil vere med å gi barna våre gode kvardagar.Vi har ledig følgande stilling: 100% Vikariat ved Ravnebjerget barnehage frå 01.12.2025 til 31.07.2026. Vi søker ein stabil fagleg og trygg assistent/barne- og ungdomsarbeidar, som er motivert for nye utfordringar.Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:17.09.2025Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStad:BergenStillingstittel:Assistent/Barne- og ungdomsarbeidarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikariatStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5011377027Startdato:01.12.2025Sluttdato:31.07.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Vere ein aktiv bidragsytar i barnehagen
  • Gi omsorg og ta aktivt del i leik og omsorg med barna
  • Medansvar for å skape eit godt psykososialt miljø for barna
  • Medansvar for eit godt samarbeidsklima
  • Bidra i praktiske arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
  • Erfaring frå arbeid i barnehage vil vere ein fordel
  • Gode evner til kommunikasjon på norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskaparVi søker etter ein medarbeidar som:
  • Viser interesse og engasjement i arbeid med barn
  • Viser respekt for barn og har evne til å sjå det einskilde barnet sitt behov
  • Er leiken, nysgjerrig og utforskande i lag med barna
  • Evner å ta ansvar og har oversikt over heile barnegruppa
  • Har stor arbeidskapasitet og evne og vilje til samarbeid
  • Er påliteleg, imøtekommande og løysingsorientert
  • Er stabil, fleksibel og omsorgsfull
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
  • Ein variert, spennande og engasjerende arbeidsdag
  • Triveleg arbeidsmiljø med imøtekommande medarbeidarar
  • Fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Stabile barnegrupper
  • Lønn iht. gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Haukelandsbakken 42, 5009 Bergen, NorgeKontaktinformasjonRagnhild Steimler ÅsheimLeiarOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Bergen

Lignende stillinger

  • Assistent/Barne- og ungdomsarbeidar

    HELSE BERGEN HF RAVNEBJERGET BARNEHAGE

    • Bergen, Vestland
    Helse Bergen eig og driv fire barnehagar med ca. 250 plassar til saman. Barnehagane ligg sentralt ved Haukeland universitetssjukehus og Sandviken sjukehus. Livsmeistring og helse…
    • 1 dag siden
  • Barne- og ungdomsarbeider/ assistent

    Bergen kommune

    • Bergen, Vestland
    Om stillingen Ledig vikariat 20- 30 % stilling som Barne- og ungdomsarbeider/ assistent, med mulighet for forlengelse. Fløenbakken barnehage er en liten og oversiktlig nærmiljø…
    • 10 dager siden
  • Barne- og ungdomsarbeider/ assistent

    Bergen kommune

    • Bergen, Vestland
    Ledig vikariat 20- 30 % stilling som Barne- og ungdomsarbeider/ assistent, med mulighet for forlengelse. Fløenbakken barnehage er en liten og oversiktlig nærmiljø-barnehage, hvor…
    • 10 dager siden