Har du erfaring og kunnskap om prosjektleiing? Me søkjer

Osterøy kommune

  • Lonevåg, Vestland
  • Fast
  • Deltid
  • 23 dager siden
Om stillingaVi søkjer etter ein erfaren prosjektleiar som kan bidra til å styrke avdelinga for investeringsprosjekt i Osterøy kommune. Vi har ledig ein 100% fast stilling med moglegheit for oppstart frå 01.06.2024, eller etter nærare avtale.Avdeling for investeringsprosjekt er ein liten avdeling på 2 personar som arbeidar med både store og små prosjekt. Vi har eit tett og godt samarbeid med andre fagområde og vi er ein del av sektor for Samfunnsutvikling. Vi har eit godt arbeidsmiljø og vi trivast på jobb!Vi har både større og mindre prosjekt som vert gjennomført og vi er i tillegg ein rådførande part inn mot andre fagområde, i sakar som er knytt til potensielle prosjekt, for å bidra til å sikre at menneska og ressursane som er sett av til å fullføre eit mål, vert brukt på rett måte.Større prosjekt som pågår eller som er venta å starte innanfor gjeldande økonomiplan er:
  • Omsorg+, eit større omsorgssenter
  • Avlastingstilbod og dagsenter knytt til Bu- og avlastingstenesta
  • Ulike prosjekt innanfor fagområda vatn og avlaup
Prosjekt knytt til kommunale bustadar vil og kunne verte aktuelt.Som prosjektleiar hos oss vil du få ansvar for gjennomføring av ulike prosjekt av ulik storleik. Det vil og kunne tilkomme andre delegerte oppgåver etter behov.Om du synast dette verkar interessant og du ønskjer å vite meir om stillinga, ønskjer vi gjerne å høyre frå deg! Du er velkomen til å ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat!ArbeidsoppgåverSom prosjektleiar vil dine hovudoppgåver vere å ha ansvar for den daglege leiinga og styringa av prosjekt, innanfor prosjektet sine avtalte rammer som omfang, kvalitet, tid, kostnadar, gevinstar, usikkerheit og kontraktar. Du vil og organisere prosjektet i form av oppgåvefordeling, oppfølging og det å sikre eit godt samarbeid og arbeidsmiljø i prosjektgruppa.Du må rapportere og leggje fram informasjons- og beslutningsgrunnlag for prosjekteigar, og du må vurdere, foreslå og iverksetje tiltak med omsyn til risiko og intern usikkerheit.Prosjektleiar arbeidar med utarbeiding av konkurransegrunnlag og kontrahering av innkjøp og entreprenørar i tråd med lov om offentlege anskaffingar. Oppfølging av kontraktar/entreprisar frå kontrahering til overlevering og sluttoppgjer er også prosjektleiars ansvar.Det vil etter behov vere naudsynt å utarbeide og leggje fram saksframlegg i større og komplekse prosjekt, samt leggje fram løypemeldingar til politisk handsaming.Det vil og kunne tilkome andre oppgåver etter delegering frå leiar, i tråd med prosjektleiars kompetanse og erfaringsbakgrunn.Kvifor skal du velje oss?Som prosjektleiar i Osterøy kommune vil du få ein krevjande og sjølvstendig stilling som vil gje gode påverknadsmoglegheiter. Du vil få moglegheit til å ta ein aktiv rolle i ulike prosjekt tilknytta fleire ulike fagområder i kommunen.Som tilsett i avdeling for investeringsprosjekt og sektor samfunnsutvikling vil du dessutan bli tilsett i ein organisasjon som er oppteken av utvikling, kompetansebygging og det gode arbeidsmiljøet. Vi forsøkjer å nytte nye arbeidsmetodar som bidrar til effektivitet, samstundes som vi er interessert i kunnskap om utvikling!Som tilsett i Osterøy kommune vil ein få gode pensjons- og forsikringsvilkår som du kan lese litt meir om under punktet for offentleg tenestepensjon.Arbeidsstaden din vil vere på Osterøy rådhus og vi har gode rammar for fleksibel arbeidstid, som sikrar ein god balanse mellom jobb og fritid.Løn vert fastsett etter avtale.KvalifikasjonskravVi ser fortrinnsvis etter deg som har relevant utdanning frå høgskule eller universitet tilsvarande minimum bachelornivå. Relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.Det er ein fordel om du har erfaring og kjennskap frå offentlege anskaffingar.Det er ønskjeleg at du har prosjektleiarkompetanse og at du har relevant arbeidserfaring frå liknande stilling.Du må ha god framstillingsevne, både skrifleg og munnleg, og du må ha systematisk og gode dokumentasjonsevner.Du må ha god digital kompetanse og vere komfortabel med digitale arbeidsverktøy.Det er eit krav om førarkort klasse B, då ein må berekne noko reising internt på Osterøy, i samband med prosjekta.Formell utdanning er bra, men relevant erfaring kan vere nesten betre! Har du ikkje formell utdanning som skildra ovanfor, men relevant erfaring, ønskjer vi deg likevel velkomen til å ta kontakt med oss, for vi er veldig interessert i å høyre frå deg!Kven er du?Vi ser etter deg som er ein strukturert og systematisk person, som verdset oversikt og kontroll i arbeidet ditt.Du må vere effektiv og sjølvstendig for å sikre framdrift og gjennomføringskraft.Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner for å sikre gode samarbeid både internt og med eksterne samarbeidspartar.Du må ha evne til å handtere store mengder informasjon og fleire parallelle prosessar på ein ryddig måte.Du evner å ta gjennomtenkte avgjersler med omsyn til risiko, samt tids- og kostnadseffektivitet.I rekrutteringsprosessen vil personleg eignaheit for stillinga bli vektlagt.Offentleg tenestepensjonI denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!Om arbeidsgiverenOsterøy kommune - Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.SektorOffentligStedGeitaryggen 8, 5282 LonevågBransjeOffentlig administrasjon,Bygg og anlegg,EiendomStillingsfunksjonProsjektledelse,Ingeniør,Ingeniør / Vann- og miljøteknikkArbeidsspråkNorskNøkkelordprosjektleder, prosjektledelse, ingeniør, byggingeniør, byggteknisk ingeniør

Finn