Seniorrådgivar EURES

NAV

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 7 dager siden
Om stillingaEURES (European Employment Services) er eit samarbeid mellom EU-kommisjonen og EU/EØS-landa og Sveits. EURES-tenesta gir bistand til rekruttering til og frå EU/EØS, informasjon og rettleiing til både arbeidsgivarar, arbeidssøkarar og Nav-kontor. Hovudmålet for EURES er å flytte arbeidskraft til der behovet er.
Vi ser etter ein engasjert EURES-rådgivar for å vidareutvikle dette spennande fagfeltet og styrke marknadsarbeidet i Nav Vestland.Som EURES-rådgivar blir du ein del av avdeling for fag og tenester. Du vil jobbe tett og tverrfagleg saman med kollegaer på fylkeskontoret og ute i Nav-kontora. EURES-arbeidet koordinerast av rådgivar for arbeidsinkludering.Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføring av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland, med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med 50 tilsette fordelt på fire avdelingar.Vi kan love deg innhaldsrike og utviklande arbeidsdagar i ein organisasjon som aldri står stille!NøkkelinformasjonSøknadsfrist:12.09.2025Arbeidsgivar:NAVStad:BergenStillingstittel:Seniorrådgivar EURESStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5009209978Sosial deling :Arbeidsoppgåver:
  • Rettleiing til arbeidsgivarar i Noreg som ønsker å rekruttere frå EU/EØS og Sveits
  • Rettleiing til arbeidssøkarar i Noreg som søker jobb i EU/EØS og Sveits, samt til arbeidssøkarar frå EU/EØS og Sveits som søkar jobb i Noreg
  • Halde presentasjonar og delta på jobbmesser
  • Fagleg og operativt samarbeid med Nav-kontora for å levere EURES-tenester i Vestland
  • Rapportere til overordna nivå om aktivitetsplan og drift/oppdrag
  • Samarbeide på tvers av kommunar, fylke og land, og delta på kurs/opplæring i regi av EU-kommisjonen
  • Vere oppdatert på situasjonen i arbeidsmarknaden i Noreg, EU/EØS-området og Sveits
  • Bygge og vidareutvikle marknadsarbeidet i fylket i samarbeid med regionane
  • Delta i rekrutteringsprosjekt i samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar
Andre arbeidsoppgåver kan òg bli aktuelle.Stillinga krev reiseverksemd, både i Noreg og til andre land. Du som blir tilsett må gjennomføre obligatorisk sertifisering og kurs innan EURES.Kvalifikasjonar:Du må ha:
  • Utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Både norsk og engelsk nyttes i arbeidskvardagen. Du må difor ha gode skriftlege og munnlege formidlingsevner på norsk og engelsk.
  • Kjennskap til og interesse for arbeidsmarknaden og behova i arbeidsmarknaden
  • God digital kompetanse og evne til å sette deg raskt inn i nye system
Det er ein fordel om du har:
  • Erfaring frå arbeid med nettverksbygging
  • God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenester
  • Erfaring frå oppsøkande kontakt med arbeidsgivarar eller andre samarbeidspartnarar
  • Erfaring frå inkluderingsarbeid
  • Evne til å kommunisere på andre europeiske språk
  • kjennskap til LEAN som arbeidsmetodikk
Vi ser etter deg som:
  • Trivst i møte med andre menneske, bygger relasjonar og er god til å samarbeide
  • Har interesse for internasjonalt samarbeid og god fleirkulturell forståing
  • Er komfortabel med å halde presentasjonar/snakke for større og mindre grupper
  • Jobbar utviklingsorientert og er løysningsdyktig
  • Er engasjert i samfunnsoppdraget til Nav og ønsker å jobbe for å gi menneske moglegheiter
Som tilsett hos oss får du:
  • Ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
  • Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
  • Stillinga er plassert i stillingskode 1364 som seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr 690 000 til 750 000 per år. Fors særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast
Adresse: C. Sundts gate 29, 5004 Bergen, NorgeKontaktinformasjonJane Britt DaaeavdelingsdirektørE-post: jane.britt.daae@nav.noOm arbeidsgivarenNav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.NAVstilling

NAV