Sjukepleiarar

Stad kommune

  • Nordfjordeid, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 12 dager siden
Om stillingaHar du interesse for innovativ heimebasert omsorg? Er du sjukepleiar? Vil du vere med og forme framtidas heimeteneste? Vi søkjer etter akkurat deg!Heimetenesta har ledig to faste stillingar som offentleg godkjend sjukepleiar i tredelt turnus for snarleg tilsetjing. Stillingane er i hovudsak 100% men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.Vi treng nye sjukepleiarkollegaer i heimetenesta Nordfjordeid.Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir tenester til heimebuande i heile kommunen. Vi gir mellom anna praktisk bistand, heimesjukepleie og lindrande behandling. Som tilsett vil du arbeide tverrfagleg saman med andre tenester for å gi eit best mogleg fagleg tilbod.Sjukepleiar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du vil kunne utvikle deg og få påverke. Vi søkjer deg som er innovativ, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Vi ønskjer akkurat deg med på laget! Dersom du vil jobbe på tvers av våre einingar og/eller avdelingar, vil vi prøve å legge til rette for deg!Er du i sluttfasen av sjukepleiestudiet? Start gjerne di utvikling som sjukepleiar hos oss! Bli sjølvstendig og få god erfaring i sjukepleiefaget. Vi har ei brei brukargruppe med ulike behov!NøkkelinformasjonSøknadsfrist:08.05.2024Arbeidsgivar:Stad kommuneStad:NordfjordeidStillingstittel:Sjukepleiarar i HeimetenestaStillingar:2Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4788985127Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
  • Kartlegging og vurdering av behov for brukarar
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell
Kvalifikasjonar
  • Offentleg godkjend/ autorisert sjukepleiar
  • Er du i sluttfase av sjukepleiarstudiet oppfodrar vi deg til å søkje!
  • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
  • Du jobbar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ og ansvar
  • Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.Vi tilbyr
  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Kompetansetillegg (inntil kr. 28 000)
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i forhold til å planlegge arbeidstid
  • NSF sine medlemmar har rullerande turnus i Stad kommune
  • Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsarbeidsplan eller hjelpeturnusperiodar mot ekstra kompensasjon
  • Høve til å inngå individuell avtale om frie timar i turnus
  • Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
  • Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden.Stad kommune har seks månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.Ring oss gjerne for ein prat, så fortel vi meir!Adresse: Fossevegen 10, 6770 Nordfjordeid, NorgeKontaktinformasjonTove-Lill HjertenesAvdelingsleiar heimetenesta NordfjordeidAnne Dybedal BerteigAvdelingsleiar heimetenesta NordfjordeidIngrid HjelmelandAssisterande einingsleiar heimetenestaOm arbeidsgivarenStad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

Stad kommune