Lærlingar Produksjon

Ulstein Verft AS

  • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Om stillingaVil du starte di maritime karriere i Ulstein? Ulstein Verft har lang tradisjon for inntak av lærlingar, og ettersom vi har ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet ønskjer vi deg som er lærevillig og fagleg interessert i skipsbygging.Vi ser etter deg som kan vere med på å utvikle og skape resultat samstundes som du fullfører ditt læreløp i eit sosialt og lærererikt arbeidsmiljø.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:30.04.2024Arbeidsgivar:Ulstein Verft ASStad:UlsteinvikStillingstittel:Lærlingar ProduksjonHeiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4788014977Sosial deling :ArbeidsoppgåverUlstein Verft har ein velfungerande produksjon med høg kompetanse og dyktige medarbeidarar som ivaretek våre lærlingar på ein god måte. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø der vi har stor fokus på å utvikle din fagkompetanse.Vi søker etter interesserte og lærevillige kandidatar innan fylgjande fagfelt:
  • Industrirøyrleggjarfaget
  • Sveisefaget
  • Stillasbyggarfaget
Hjå oss vil du få fagopplæring etter læreplan, og vi vil fylgje opplæringa di fram til bestått fagbrev. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, og kan blant anna innebere prefabrikkering og montering av ulike konstruksjonar. Vidare vil montering av dører, vindauge, eksos, veggar og dekksutrusting kunne vere relevante arbeidsoppgåver ut i frå avdelingstilhørsle. Det vil også bli gitt opplæring i bruk av spesialverktøy og i bruk av ulike material og profiltypar.Kvalifikasjonar
  • VG1
  • VG2
Personlege eigenskapar
  • Fagleg interessert
  • Engasjert
  • Pliktoppfyllande
  • Kvalitetsbevisst
  • God HMS-haldning
  • Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
  • Dyktige fagarbeidarar og rettleiarar som fylgjer deg i heile læretida, og sikrar deg variert praksis
  • Eit godt og etablert læringsmiljø
  • Fleksitidsordning
  • Løn iht. tariff
  • Moglegheiter for relevante kurs
Det er gode moglegheiter for vidare arbeid etter endt læretid.Adresse: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik, NorgeKontaktinformasjonJan Ove SørensenHead of HSEAnne Holm RoppenHR AdvisorE-post: anne.roppen@ulstein.comOm arbeidsgivarenULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Ulstein Verft AS

Lignende stillinger

  • Disiplinleiar - Produksjon Maskin og Rør

    Ulstein Verft AS

    • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team? Ulstein Verft er inne i ei spennande fase med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag…
    • 22 dager siden
  • Disiplinleiar - Produksjon Stål

    Ulstein Verft AS

    • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team? Ulstein Verft er inne i ei spennande fase med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag…
    • 23 dager siden
  • Operatørar ved avd. Innreiing

    Ulstein Verft AS

    • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
    Om stillinga Ulstein er eit familieeigd selskap som arbeidar innan det maritime området. Vi designer, byggjer og leverer løysningar til skip samstundes som vi tilbyr eit breitt s…
    • 1 måned siden