Tilkallingsvikar eining Habilitering

  • Sveio, Vestland
  • Midlertidlig
  • Deltid
  • 2 dager siden
Om stillingaEining Habilitering, butiltak for utviklingshemma treng dyktige og engasjert tilkallingsvikarar. Me har to butiltak, Åsvegen bueining og Stemhaugen bueining, som ligg i gangavstand til alle fasisliteter i Sveio sentrum. Her nyttar me turnus med langvakter inntil 14 timar på dag kveld og 10 timar på natt. Du må ha fylt 18 år. Me treng deg som kan stille opp på kort varsel, men det kan og være aktuelt med kortare vikariat etter avtale. Stillinga kan og passe godt for studenter/elever på ettermiddag og helg.Skriv litt om deg sjølv, kva moglegheiter du har. Ta gjerne kontakt på telefon med kontaktpersonane for meir informasjon om du ynskjer det. Du vil få god opplæring for å være kjent med situasjonar du skal delta i.ArbeidsoppgåverBebuerane ved avdelingane bur i eigne leilegheiter der me tilbyr gode miljøtenester. Du fylgjer bebuar gjennom dagen, og er med på å leggje til rette for gjennomføring av daglege aktivitetar ut frå behov. Brukar har blandt anna behov for hjelp til matlaging, personleg hygiene, aktivisering og reinhald av eigen bustad. Du vil få tildelt arbeidsoppgåver i samsvar med din kompetanse og erfaring. Du må kunne ta imot rettleiing, samt like å ta til deg ny og spanande kunnskap.Kvalifikasjonar
  • Helse- og sosialfagleg utdanning, student/elev innan helsefag vil være ein fordel
  • Personar med relevant erfaring, men også andre søkjerar kan bli vurdert
  • Personleg eigenskap vil bli vektlagt
  • Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, les og skriv så godt at du kan både samarbeide med andre og utfører arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig.
  • Det er krav om tilfredsstillande politiattest
  • Førarkort kl B vil være ein fordel
Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Lojal, punktleg, pliktoppfyllande og ser oppgåver som skal gjerast
  • Fokus på kvalitet i miljøarbeidet
  • Du er lærande og ynskjer å ta i mot rettleiing
Vi tilbyrUtfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningarKontaktpersoner for stillingenPeer Cato SjursenAvdelingsleiar Stemhaugen bueining / Straumøy+4794164806Kopier telefonnummerKopier e-postadresseLinn Synnøve VågengAvdelingsleiar Åsvegen bueining+4794814106Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.SektorOffentligNettsted

NAV

Lignende stillinger

  • Tilkallingsvikar eining Habilitering

    Sveio kommune

    • Sveio, Vestland
    Tilkallingsvikar eining Habilitering Om stillinga Eining Habilitering, butiltak for utviklingshemma treng dyktige og engasjert tilkallingsvikarar. Me har to butiltak, Åsvegen b…
    • 2 dager siden
  • Tilkallingsvikar barnehage

    TYSVAER KOMMUNE BARNEHAGESJEFEN

    • Aksdal, Rogaland
    Tysvær kommune eier og driver 7 barnehager. Disse er geografisk fordelt i hele kommunen. Mer informasjon om den enkelte barnehage finner du på våre hjemmesider, www.tysver.kommune.…
    • 17 dager siden