Selje/Hasletunet , Volda Omsorgssenter har 100 % fast st for sjukepleiar

Volda kommune

  • Volda, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 20 dager siden
Om stillingaVi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar som er interessert i å arbeide med eldreomsorg og er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Autorisert vernepleiar kan og søke.Vi søker etter deg som synest det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden. Vi arbeider miljø retta, der du i møte med bebuar er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meiningsfylt kvardag for bebuar og pårørande.Vi har ledig 100 % fast stilling på langtidsavdeling for demente på Volda Omsorgssenter, vi har eit ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaringNøkkelinformasjonSøknadsfrist:28.04.2024Arbeidsgivar:Volda kommuneStad:VoldaStillingstittel:Selje/Hasletunet, Volda Omsorgssenter har 100 % fast st for sjukepleiarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4793773957Sosial deling :ArbeidsoppgåverUtøve helse- og omsorgstenester til bebuarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet.
Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem.
Medikamenthandtering og medisinske prosedyrar.
Omsorg ved livets slutt.
Tett pårørande samarbeid.
Rettleiing av kollega, studentar og elevar.
Arbeide etter kvalitetsreforma "Leve heile livet"
Fokus på aktivitet og sosialisering.KvalifikasjonarDu er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar, oppgje HPR nr i søknaden.
Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team.
Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål.
Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga.
Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA.Personlege eigenskaparDu er medmenneske med evne til å skape tryggleik og ro, også i krevjande situasjonar.
Du er fagleg engasjert, positiv og sett bebuar i sentrum.
Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert ,fleksibel og likar utfordringar.
Du er fagleg oppdatert og er opptatt av å dele di kompetanse med kollegaer.
Du har lyst til å bidra til utvikling.
Du er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og slutningar som er tatt i seksjonen.
Du har fagleg forståing om den geriatriske pasienten og lovverk knytt til personar med demens.
Du ynskjer å vere delaktig i å utvikle "morgondagens sjukeheim".
Personleg eignaheit vil verte vektlagt.Vi tilbyrLønn og arbeidsvilkår etter avtale
Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass.
Engasjerte og hyggelege kollegaer.
Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det.
Regelmessig internundervisning.
Gode pensjons og forsikringsordningar.Adresse: Barstadmarka 2, 6100 Volda, NorgeKontaktinformasjonAnn-Sølvi HeltneAvdelingsleiar InstitusjonE-post: ann-solvi.heltne@volda.kommune.noMerve EkipSeksjonsleiar Selje-/HasletunetE-post: merve.ekip@volda.kommune.noOm arbeidsgivarenVolda kommune ligg sentralt på Sunnmøre, med sjukehus og høgskule i umiddelbar nærleik. Kvart år kjem 4000 studentar og set sitt preg på lokalsamfunnet. Kommunen har eit variert næringsliv og gode kommunikasjonar med omverda gjennom Kvivstunellen og Eiksundsambandet. Frå Ørsta/Volda lufthamn Hovden går det direkteruter til Oslo og Bergen. Lokalsamfunnet er i utvikling og kommunen har spenstige samarbeidsprosjekt med idretten og Høgskulen i Volda om ny idrettshall og nytt mediebygg. Volda er ein ny kommune som frå 01.01.2020 vart eit resultat av samanslåing av tidlegare Volda og Hornindal kommunar.I Volda kommune er det om lag 1000 dyktige og engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for kommunen sine innbyggjarar. Ønskjer du ein meiningsfylt jobb med utfordrande oppgåver og gode kollegaer, er Volda kommune eit spanande alternativ.

Volda kommune