Sjukepleiar/Vernepleiar 75% Natt

Sveio kommune

  • Sveio, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Om stillingaVi søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter - 75 % fast stilling som sjukepleiar / vernepleiar på natt.Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune, kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester.
Omsorgssenteret er preget av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yta fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. Me tar godt i mot ny tilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trives og føler deg trygg i eininga. På natt har me eit felles team, som server både Sveio Omsorgssenter og heimetenesta i kommunen.
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41plassar. Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:05.05.2024Arbeidsgivar:Sveio kommuneStad:SveioStillingstittel:Sjukepleiar/VernepleiarStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:75Webcruiter-ID:4798266059Startdato:01.06.2024Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Sjukepleiar / vernepleiar har ansvar for medisinfaglege oppgåver.
  • Samarbeid med pårørande, lege og spesialisthelsetjenesta.
  • Varierte oppgåver og stor variasjon i behandling.
  • Mange spennande faglege utfordringar knytt til samhandlingsreforma.
  • Pådrivar for å legge til rette og bidra til at brukerane skal oppleva trygghet og meistring.
  • Ansvar for medisinsk faglege oppgåver og til rettelegga for eit trygt og meiningsfylt miljø for bebuarane i samarbeid med ulike yrkesgrupper.
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar / vernepleiar, 3. års studentar oppmodast til å søkje.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Erfaring frå arbeid på sjukeheim er ynskjeleg.
  • Tilfredsstillande politiattest, etter gjeldande lovverk.
Personlege eigenskaparMe legg vekt på at du er fleksibel og søkjer nye og betre løysingar i samhandling med dine kollegaer.
  • Du er fagleg interessert og held deg oppdatert.
  • Positiv og trygg i rolla.
  • Arbeide sjølvstendig, ta initiativ og trivast med høgt arbeidstempo.
  • Har evne til å handtere og strukturere varierte arbeidsoppgåver.
  • Ser og forstår betydinga av eit godt tverrfagleg arbeid.
  • Du har god holdningar og verdiar som set pasientane i fokus.
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheter.
  • Ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elevar og studentar.
Vi tilbyr
  • En lærande arbeidsplass med fokus på forbetringsarbeid.
  • Mulighet for vidareutdanning.
  • Faste fagmøter for sjukepleiarane / vernepleiarane i eininga.
  • Godt fagleg arbeidsmiljø med fokus på arbeidsnærvær.
  • Gode høve for fagleg og personleg utvikling.
  • Faste sosiale arrangement.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
  • Tillegg sjukepleiar og vernepleiar kr. 10.000.
  • Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Adresse: Løkjavegen 35, 5550 Sveio, NorgeKontaktinformasjonEspen SkråmestøAvdelingsleiar AdministrasjonE-post: Espen.Skramesto@sveio.kommune.noCamilla SelbakEiningsleiar Pleie- og omsorgE-post: camilla.selbak@sveio.kommune.noOm arbeidsgivarenVakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Sveio kommune