
Ph.d.-stipendiat i anvendt økologi
- Bergen, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Utvikle eigne forskingsspørsmål og hypotesar knytt til sosial-økologiske system og berekraftig utvikling i fjellområde
- Utforske og integrere tverrfaglege og transdisiplinære tilnærmingar basert på samskaping og medverknad frå interessentar for å styrkje sosial-økologisk motstandskraft i fjellregionar
- Utforme spørjeundersøkingar, kartleggje og organisere brukar- og interessentbaserte fokusgrupper i utvalde fjellområde
- Medverke til å utforme framtidsscenario for utvalde fjellregionar ved bruk av rammeverket Seeds of Good Anthropocenes for å utforske moglegheiter, truslar og løysingar for berekraftig fjellutvikling
- Analysere data, skrive og publisere vitskaplege artiklar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan økologi, berekraftsvitskap, geografi eller andre relevante fagområde. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 01.01.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Søkjarar må ha dokumentert bakgrunn som gir god forståing av økologi, sosial-økologiske system, motstandskraftstenking, naturressursforvaltning og FNs berekraftsmål.
- Erfaring med feltarbeid er eit krav.
- Relevant bakgrunn i statistikk og/eller programmering/kartlegging er eit krav.
- Søkjarar må ha gode ferdigheiter i kritisk tenking og vitskapleg skriving.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, ha gode kommunikasjonsevner og trivast både med feltarbeid og samarbeid, då kandidaten vil vere del av eit integrert team.
- Erfaring frå tverrfaglege, transdisiplinære eller medverknadsbaserte prosjekt – til dømes innan medborgarforsking – er ein fordel.
- Søkjarar må meistre engelsk munnleg og skriftleg, på eit nivå som held publiseringsstandard. Ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk er ein fordel i kommunikasjon med prosjektpartnarar og interessentar.
- Søkjarar må vise evne og motivasjon til å arbeide i eit interkulturelt og tverrfagleg miljø.
- Førarkort gyldig i Noreg er ein fordel.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.For stillinga gjeldt følgande:Om stillinga som ph.d.-stipendiatStipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du ved Universitetet i Bergen.Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga (maks 1 side)
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.