Førde heimeteneste, eining 2 har ledig sjukepleiarstilling

FORDE HEIMETENESTE EINING 2

  • Førde, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 8 dager siden
Vil du vere med og forme framtidas heimeteneste?Førde heimeteneste eining 2 held til på Førde omsorgssenter og er ei av seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi gir tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til heimebuande innbyggjarar - og vi er stolte av å vere ei teneste i stadig utvikling.Hos oss får du ein arbeidsplass med:
  • om lag 40 årsverk og eit fagmiljø med brei kompetanse
  • høg satsing på velferdsteknologi
  • aktiv deltaking i ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling
  • sterk fagleg interesse for demensomsorg og gode heimetenester for innbyggjarane våre
Vi er ei levande og framtidsretta teneste - og no leitar vi etter ein ny kollega som vil vere med og bidra til trygge, nære og profesjonelle tenester. Kanskje er det akkurat deg vi manglar?Vi har ledig vikariat som sjukepleiar: * 100 % sjukepleiar 11.05.2026 - 30.04.2027Stillinga inneber ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med todelt turnus og arbeid kvar 3. helg.Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B
Personlege eigenskapar Vi ønskjer oss sjukepleiarar som:
  • er varme, omsorgsfulle og glade i menneske
  • handterer ein travel kvardag med ro og tryggleik
  • bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • kommuniserer og samarbeider godt
  • er fleksible, løysingsorienterte og endringsvillige
Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing.Vi tilbyr: Hos oss får du:
  • engasjerte og støttande kollegaer og leiarar
  • eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • varierte og pasientnære arbeidsdagar
  • gode vilkår i tråd med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
Her får du bruke kompetansen din på ein plass der jobben verkeleg betyr noko - kvar dag.Anna informasjon:Søknad skal leverast elektronisk og må innehalde referansar.
Gyldig politiattest skal leverast før oppstart Vi håpar akkurat du søker - velkomen til ein spennande jobb i Førde heimeteneste!Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenCamilla Elvebakk Stein+47 91547838 +47 57021261Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenSunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.SektorOffentlig

FORDE HEIMETENESTE EINING 2