Om stillingaEr du ein engasjert lege som ønskjer å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri (BUP)? Bli ein del av vårt team og bli med å forme framtida for psykiatriske tenester til barn og ungdom i Helse Fonna 🌱Vi har ein fast LIS3-stilling ledig med ønskje om snarleg oppstart. Søkjaren må ha fullført LIS1.BUP Haugesund er godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtalar med både vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg å ta heile spesialiseringsløpet her i Haugesund.Hos oss i BUP blir du sett, støtta og gitt rom til å utvikle deg som klinikar. Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega. For tida er vi åtte overlegar og sju LIS. Du blir ellers del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper.BUP Haugesund gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0-18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost. Poliklinikkane dekkjer ti kommunar i regionen, medan døgnposten har heile Helse Fonna som opptaksområde. Døgnposten er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar. Les meir om oss her:Hos oss legg vi stor vekt på å tilby gode helsetenester for barn og unge. Sjå filmen om prosjektet vårt og bli litt betre kjent med oss:Ønskjer du meir informasjon? Vi svarar gjerne på telefon eller e-post. 👉 Søk no - vi ser fram til å høyre frå deg!NøkkelinformasjonSøknadsfrist:06.04.2026Arbeidsgivar:Helse Fonna HFStad:HAUGESUNDStillingstittel:Lege i spesialisering (LIS3)Stillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5095526615Sosial deling :Kva går jobben ut på?
Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom
Delta i vaktordning for legar
Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Søkjaren til LIS3 stillinga skal ha gjennomført LIS1
Må ha dokumentert norsk autorisasjon
Erfaring frå BUP er ønskjeleg
Gode norskkunnskapar er nødvendige for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk må dokumentere bestått norsktest på B2-nivå (t.d. Bergenstesten), med mindre dei har fullført vidaregåande skule på norsk. Ved intern tilsetjing kan kravet fråvikast i særlege tilfelle.
Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du:
har stor arbeidskapasitet
likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
har pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap
arbeider strukturert og sjølvstendig
er kreativ, nytenkjande og nysgjerrig
Personlege eigenskapar blir vektlagdKvifor skal du velje oss?
Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling
Arbeid i tverrfaglege team
Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater
Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus
Kompetanseheving og spesialiseringsløp
Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer
Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknadenAdresse: Vinjes gate 10, 5522 HAUGESUND, NorgeKontaktinformasjonGeorg Walter ReinhardtAvdelingsleiar | OverlegeMarit Elisabeth NessFunksjonsleiar | PsykologspesialistGabrielle Leah DicksonKonsulentE-post: gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.noOm arbeidsgivarenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .