Sommarjobb i helse og omsorg, heile kommunen

Stad kommune Se alle jobber

  • Nordfjordeid, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 22 dager siden
Om stillingaHar du lyst på ein meiningsfull sommarjobb? Sjå her!Stad kommune søkjer etter fleire ferievikarar i helse og omsorg i perioden juni - august 2026.Kanskje du har erfaring frå arbeid innan helse, er under helse- og sosialfagleg utdanning, eller lurer på om dette yrket er noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og kjekk sommarjobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få god opplæring og høve til å tileigne deg kunnskap og erfaring om helse- og omsorgsfaget.Hos oss kan du få moglegheit til å arbeide langvakter i ein turnus som kan gi større fleksibilitet i kvardagen. For mange betyr dette færre oppmøtedagar, meir samla fritid og betre høve til å få balanse mellom arbeid og privatliv. Langvakter kan også bidra til meir kontinuitet for brukarane og meir samanheng i arbeidsdagen for deg som tilsett.Vi ber deg spesifisere i søknaden når i perioden du kan arbeide, og om du har særskilt ønskje om arbeidsstad.Viss du er under relevant utdanning er det fint at du spesifiserer kva fagretning du studerer, og kor langt du er kome. Du er også velkomen til å søkje om du studerer andre fag.Under finn du ei oversikt over einingane som tilbyr sommarjobb, og kvar i kommunen dei er plasserte.Du finn også meir utfyllande informasjon i vårt tenestemagasin.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:19.04.2026Arbeidsgivar:Stad kommuneStillingstittel:Sommarjobb helse og omsorg - heile kommunenWebcruiter-ID:5100107349Sosial deling :Oversikt over einingane som tilbyr sommarjobb
  • Institusjonane og institusjonskjøken
Seljetunet, Selje
Hogatunet, Nordfjordeid
  • Heimetenesta
Selje/Stadlandet:
Ambulerande heimeteneste og Fredly/Flatebø bufelleskapNordfjordeid:
Ambulerande heimeteneste og Fossevegen bufelleskap
  • Bu- og miljøtenesta
Avdeling ytre
Bu- og miljøtenesta ytre, tenesta for funksjonshemma (tre bufellesskap)Avdeling indre
Myroldhaug/Gjerdane, psykisk helse og rus
Myroldhaug, teneste for funksjonshemma
Elvebøen, teneste for funksjonshemma
Barneavlastning
Psykisk helseteam og uteteamArbeidsoppgåver
  • Ferievikarane skal utføre oppgåver innan pleie og omsorg utifrå opplæring og kompetanse
  • Du inngår i turnus og arbeider saman med fast tilsette
Kvalifikasjoner
  • Du bør helst vere fylt 18 år
  • For arbeid i heimetenesta må du som hovudregel ha sertifikat og kunne disponere bil
  • Du må levere politiattest før start i stillinga
Personlege eigenskaper
  • Vi søkjer ferievikarar som er nøyaktige, motiverte og som viser respekt
  • Du er interessert i andre menneske og i tenesteområdet
  • Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen
  • Du er sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og tek initiativ
  • Du forstår betydninga av teieplikt om helseopplysningar og anna sensitiv informasjon
Vi tilbyr løn etter tariff og lokale avtaler.
Dersom du er under høgare utdanning innan relevant fagområde får du høgare løn. Du må dokumentere utdanning og kor langt du er kome i utdanninga.Viss du har spørsmål kan du kontakte leiarar i dei ulike einingane.Adresse: Nordfjordeid, 6770 Nordfjordeid, NorgeSelje
6740 Selje
NorgeStadlandet
6750 Stadlandet
NorgeKontaktinformasjonAnn Charlotte JanssonAssisterande einingsleiar Bu- og miljøtenestaAnnette HovdenEiningsleiar HeimetenestaHeidi Munch Starheimeiningsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenterOm arbeidsgivarenStad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

Stad kommune