HelsefagarbeidarVil du ha ein jobb med meining?Om stillingaHeimetenesta i Vaksdal kommune har ledig 50% fast stilling i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Stillinga kan utvidast med timebank om ønskeleg.Vi tilbyr tenester til menneske i alle aldrar, med ulike behov, og har fokus på å gi omsorg med respekt, fagleg kvalitet og menneskeleg varme.Vaksdal kommune er ein kommune med sterkt fellesskap. Hos oss er det korte avstandar mellom kollegaer, både fagleg og menneskeleg, og vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø der tillit og støtte står sentralt.Heimetenesta er i stadig utvikling, med fokus på velferdsteknologi, fagleg oppdatering og brukarmedverknad. Vi jobbar tverrfagleg, og du vil bli ein del av eit dyktig og engasjert team som brenn for å gi den beste hjelpa – der folk bur og lever liva sine.Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere
Oppfølging av pasientar med stell og pleie i heimen
Hjelp til daglege gjeremål
Medisinhandsaming
Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå
Kontakt og samarbeid med pårørande
Krav til kompetanse
Helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev
Søkjarar utan formell kompetanse kan også bli vurdert. Skriv gjerne i søknad dersom du samlar timar og har ambisjon om å ta fagbrev
Generelt gode datakunnskapar
Krav om godkjend politiattest
Førarkort klasse B er eit krav for stillingane i heimetenesta
God norskkunnskap skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
Du må vera kreativ og engasjert, med evne til å arbeide på nye og innovative måtar
Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode.
Du må like å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
Er påliteleg og stabil
Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid i eit tverrfagleg perspektiv
Løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring
Likar du i tillegg travle dagar og å arbeide kunnskapsbasert, så er du kanskje interessert?
Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg.
Vaksdal kommune kan tilby
Me har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving
Me gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning
Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Individuell oppfølging
Løn i tråd med tariffavtaleverk
Om ossMe tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.Heimesjukepleien har base på Dale, og dekkjer heile kommunen. Me skal leggje til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg heime.Det gjer me gjennom å leggje til rette for eigenmeistring og sjølvstende, ved å byggje på brukaren sine eigne ressursar. Me har brukarar i alle alderstrinn, og arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande. Arbeidsoppgåver er blant anna: Stell og pleie, oppfølging av ernæring og medisinar, gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande, kvardagsrehabilitering, omsorg og pleie, palliasjon i heimen, oppfølging med velferdsteknologi.