Sjukepleiar
Stranda kommune Se alle jobber
- Hellesylt, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.Kvifor velge oss:
- Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
- Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
- God variasjon i oppgåver og utfordringar
- Fokus på trivsel og arbeidsglede
- Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
- Muligheit for vidareutdanning med støtte
- God fastløn
- Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige heilt eller delvis for ein tidsavgrensa periode
- Bruk av tilleggsansiennitet, minimum 10 år, kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
- Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar
- Heilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp til brukarane
- Sjukepleiefagleg ansvar
- Legge til rette for godt samarbeid mellom brukarar, pårørande og kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid
- Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
- Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving
- Autorisert sjukepleiar
- Må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, tilsvarande nivå B2
- Gode datakunnskapar og kjennskap til velferdsteknologi
- Førarkort
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
- Gode kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig og målretta
- Evne til å samarbeide godt med andre
- Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
- Trygg og omsorgsfull
- Positiv og løysingsorientert
- Fagfokusert
- Likar utfordringar
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.Adresse: Hellesyltvegen 17, 6218 Hellesylt, NorgeKontaktinformasjonElisabeth JelleEiningsleiarOm arbeidsgivarenStranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur.