Fast stilling som helsefagarbeidar i sjukeheim og heimeteneste

HAREID KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

  • Hareid, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 20 dager siden
Sektor for velferd er i omstilling og utvikling for å imøtekome behova for helsetenester i framtida. Vi vil ha behov for dyktige helsefagarbeidarar i heimeteneste og sjukeheim. Antall stillingar er ikkje avklart. Søknadsfristen er 28.11.25 og kvalifiserte søkjarar vert vurderte fortløpande.ArbeidsoppgåverSom helsefagarbeidar hos oss har du ein nøkkelrolle i å sikre tryggheit, god pleie og medisinsk oppfølging for pasientar i avdeling og heimebuande brukarar. Du følgjer opp individuelle behov, gir bistand i daglege gjeremål, utfører helsefaglege prosedyrar og handterer medikamenta etter delegasjon. Vi legg stor vekt på tett samarbeid med sjukepleiar, kollegaer og pårørande for å sikre heilskapleg og koordinert omsorg. Hos oss får du faglege utfordringar, eit inkluderande arbeidsmiljø og ein arbeidskvardag der du verkeleg utgjer ein forskjell. Du vil få god opplæring og oppfølging ved oppstart, og bli ein del av eit erfarent team som verdset samarbeid, fleksibilitet og fagleg utvikling.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
  • utføre arbeidsoppgåver på ein fagleg forsvarleg måte, i tråd med individuelle vedtak, lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for eininga- legge til rette for meistring av sjukdom og nedsett funksjonsevne, samt oppretthalde eller få tilbake funksjon
  • gi heilskapleg pleie og omsorg, kartleggingar, behandling og observasjon av brukarar med fokus på brukarmedverknad og kvardagsmestring
  • dokumentere arbeidet i samsvar med lovverket
  • bruke velferdsteknologi
  • delta i kvalitetsutvikling av tenesta
  • rettleie elevar og lærlingar ved behov
KvalifikasjonarVi søkjer deg som ønskjer å arbeide med pasientomsorg på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
  • autorisasjon som helsefagarbeidar eller har anna relevant helsefagleg utdanning
  • du må kunne jobbe turnus
  • krav om at du har førarkort klasse B for arbeid i heimetenesta
  • grunnleggande digital kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal
  • for søkjarar med anna utdanning enn norsk, krev vi dokumenterte språkkunnskapar skriftleg og munnleg på nivå B1.
Det er krav om politiattest av ny dato.Personlege eigenskaparI sektor for velferd ønskjer vi oss medarbeidarar som er:
  • engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte, viser respekt og er rause
  • har gode kommunikasjonsferdigheiter, evne til å arbeide sjølvstendig, og har gode samarbeidsevner
  • klarer å prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne
  • driv personsentrert omsorg der du evner å sjå livet frå brukars perspektiv
  • har verdiar som gjenspeglar respekt, ansvarlegheit og tydelegheit i dine ord og handlingar
  • ser heilskap og moglegheiter i ein travel kvardag og har evna til å bevare humøret
  • viser arbeidsglede og bidreg i den sosiale fellesskapen
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, stabilitet, verdigrunnlag og arbeidsmoral ved tilsetting.Vi tilbyr
  • ein inkluderande arbeidsfelleskap med høg fagleg kompetanse
  • individuell opplæring og god kollegastøtte
  • god moglegheit for fagleg utvikling
  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • kurs gjennom NHI og Veilederen
  • startdato etter nærare avtale
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.Intern søkjarDersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn - intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. , eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til invervju etter nærare avtale.Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.Kontaktinformasjon Synnøve Nystøyl, Einingsleiar skjerma eining, 91 14 89 45,
Karoline Røvreit Flø, Einingsleiar kortidseining, 94198242, kariline.rovereit.flø@hareid.kommune.no
Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar heimeteneste, 46801312,Arbeidsstad Teigevegen 55
6060 HareidNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5002284575
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.11.2025Kontaktpersoner for stillingenSutharsiny SatheeskumarEiningsleiar heimeteneste46801312Kopier telefonnummerKopier e-postadresseKaroline Røvreit FløEiningsleiar kortidseining94198242Kopier telefonnummerKopier e-postadresseSynnøve NystøylEiningsleiar skjerma eining91 14 89 45Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenGODE TENESTER - GLADE TILSETTEHareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.SektorOffentligNettsted

HAREID KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON