Lærling sikkerheitsfaget

Helse Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 8 dager siden
Om stillingaHospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Sikkerheit er ei av einingane i Hospitaldrift og har 3 seksjonar, seksjon for sikkerheit, seksjon for resepsjon og seksjon for parkering. Eininga er offentleg godkjend for å drive vaktverksemd.Vi ser etter deg som er ferdig med vg2 og klar for å utvikle deg i faget gjennom to års læretid. Du trivst med utfordringar, er fleksibel, fagleg dyktig samt likar å arbeide i eit travelt miljø med mykje ansvar. I løpet av det første halvåret får du tilbod om vektarkurs.Vi har no ledig ein 100% stilling som lærling i seksjon sikkerheit. Oppstart så snart som mogleg og intervju blir gjort fortløpande.Vedlegg til søknad: legg ved vitnemål, vurdering frå YFF, relevante attestar og namn og telefonnr. til to referansar (arbeidgivar, lærar, rettleiar i praksis).NøkkelinformasjonSøknadsfrist:10.09.2025Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStillingstittel:Lærling sikkerheitsfagetStillingar:1Tilsetjingsform:LærlingStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5008225275Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Oppgåver tilpassa kompetansemåla i læreplanen
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rutinekontrollar av sjukehuset sine bygg og eigedommar
  • Utrykkingsteneste på ulike typar alarmar t.d. innbrot, brann, teknisk, utagerande pasientar
  • Handtering av parkeringsanlegg
  • Beredskap ifm. helikopterdrift (HLO)
  • Til tider er arbeidet fysisk krevande
Kvalifikasjonar
  • Bestått VG1 Salg, service og reiseliv
  • Bestått VG2 Service, sikkerheit og administrasjon
  • Meistre norsk godt både munnleg og skriftleg
  • God vandel (det vil bli krav om uttømmande politiattest før tilsetting)
  • Søkar må kunne sikkerheitsklarerast
  • Teknisk innsikt og grunnleggande datakunnskapar
Personlege eigenskapar
  • Du er imøtekommande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
  • Du er motivert og tar imot rettleiing for fagleg og personleg utvikling
  • Du samarbeider godt med andre og har gode kommunikasjonsevner
  • Du er pliktoppfyllande i arbeidet ditt
  • Du er ærleg og lojal
  • Du har evne til å jobbe sjølvstendig
  • Du har høg grad av ansvarskjensle og personleg initativ
  • Du har evne til å jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • Du har evne til å halde hovudet kaldt og opptre roleg og beherska i utfordrande situasjonar
  • Du er i god fysisk form
Vi tilbyr
  • Eit spennande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver, fagleg og personleg oppfølging
  • Ein strukturert plan for å oppnå kompetansemåla i læreplanen
  • Eigne fagdagar for lærlingar
  • Rettigheitar og plikter som andre tilsette i sjukehuset
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Moglegheiter for vidare arbeid i Hospitaldrift sikkerhet
  • Bedriftsidrettslag med godt og variert tilbodArbeidstid: Turnus, tre-delt (dag, kvelds- og nattevakter) og kvar 4.helg
  • Lønn etter tariff for lærlingar
  • Vektarkurs
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, NorgeKontaktinformasjonAndreas Økland MartinessenDriftskoordinatorE-post: andreas.okland.martinessen@helse-bergen.noJørn Arne SvendsenEiningsleiarOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Bergen

Lignende stillinger

  • Lærling i Maler- og overflateteknikkfaget

    OPPLAERINGSKONTORET FOR OVERFLATETEKNIKK-VEST

    • Laksevåg, Bergen
    Arbeidsoppgaver: Beskytte, vedlikeholde og fargesette nye og tidligere behandlede overflater innvendig og utvendig. Bruke pensel, rull og sprøyte til å påføre, beis, olje, lakk…
    • 6 dager siden
  • Frisør/lærling søkes

    LINDA ARNESEN

    • Indre Arna, Bergen
    Stillingsannonse: Frisør/Lærling Vi søker en dyktig frisør til vårt team! Er du en kreativ og engasjert frisør som brenner for hår og kundeservice? Vi ønsker deg med på laget v…
    • 8 dager siden
  • Logistikklærling

    TESS

    • Bergen, Vestland
    Har du lyst til å starte arbeidslivet med en solid og spennende utdanning innen logistikk? TESS Vest på Kokstad søker nå logistikklærling til vårt regionsenter. Kanskje du ikke …
    • 15 dager siden