Spennande prosjektstilling i Hjartdal kommune
HJARTDAL KOMMUNE ADM SEKTOR FOR KULTUR OG OPPVEKST
- Sauland, Vestfold og Telemark
- Kontrakt
- Fulltid
- Vere synleg og aktiv i ungdom sitt nærmiljø - på skular, fritidsarenaer og digitale plattformer
- Drive oppsøkjande arbeid og bygge relasjonar til barn og unge med behov for støtte
- Tilby samtalar og rettleiing knytt til psykisk helse, rus, relasjonar og livsmeistring
- Observere og kartleggje behov, og bidra til samordna tiltak
- Samarbeide tett med skulemiljøteam som består av miljøterapeutar, spesialpedagogar, helsesjukepleiarar og SLT-koordinator
- Delta i møte på både individ- og systemnivå
- Ha kontakt med føresette og tilby støtte og rettleiing til heimen
- Relevant utdanning, fagbrev eller erfaring frå arbeid med ungdom (ønskjeleg, men ikkje krav)
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Gode samarbeidsevner og vilje til å spele andre gode
- God relasjonskompetanse og tryggleik i møte med ungdom
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode munnlege norskkunnskapar
- Førarkort klasse B og tilgang til bil
- Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt
- Har eit brennande engasjement for barn og unge
- Møter ungdom med varme, respekt og tydelege grenser
- Skapar tillit og tryggleik gjennom tilgjenge og relasjon
- Er robust, raus og reflektert i eiga rolle
- Er ein god rollemodell og har evne til å justere eiga praksis
- Ein meiningsfull jobb der du verkeleg kan utgjere ein forskjell
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Tett fagleg samarbeid på tvers av tenester
- Lønn etter gjeldande regulativ
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenMari MoenFørebyggjande miljøterapeut47839170 +47 47839170Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVelkommen til Hjartdal - det nære alternativet. Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134. Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna. Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap. I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine! Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.