Om avdelinga:Foldnes skule ligg på Litle Sotra i Øygarden kommune, om lag 20 minutt frå Bergen sentrum. Skulekrinsen dekkjer Foldnes, Våge og Anglevik. Skulen er ein fulldelt barneskule med 285 elevar fordelt på 14. klassar.Vi har ledig to lærarstillingar:
100% stilling som kontaktlærar på mellomtrinnet (40% fast og 60% vikariat ut skuleåret)
100% stilling som vikar for lærar med undervisning på mellom- og småtrinn ut skuleåret (ønskeleg med kompetanse i spesialpedagogikk)
Kvalifikasjonar:
Godkjend grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
Har fagleg tyngde, viser omsorg, er open og trygg i di rolle og taklar utfordrande situasjonar
Er ein god relasjonsbyggar
God og tydeleg klasseleiar
Er positiv, engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot
God på organisering og systemarbeid
Høg personleg og profesjonell integritet
Er lojal mot skulen sine verdiar og mål
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
KontaktRagnhild Knudsen MagerøyRektor Foldnes skuleTelefon: 90189593Epost: ragnhild.mageroy@oygarden.kommune.noØygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.