Vil du bli vår nye skipsførar?

Fjord1 Se alle jobber

  • Sykkylven, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Om stillingaFjord1 har ledig stilling som skipsførar i sambandet Sykkylven-Magerholm, p.t. MF Rovdehorn.Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle for å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med både kollegaer ombord og på land.Hos Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy, fokus på miljø og teknologi, konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.Skiftordning med 2 veker på, og 1 veke av / 2 veker på, og 3 veker av.Søkjar må bu lokalt. Oppstart mai 2026.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:27.04.2026Arbeidsgivar:Fjord1 ASStillingstittel:Skipsførar i sambandet Sykkylven - Magerholm, pt. MF RovdehornStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5110907955Startdato:01.07.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Sikkerheitsstyring
  • Energileiing
  • Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
  • Ansvarleg for personleg tryggleik
  • Ansvarleg for miljømessig tryggleik
  • Skipsførar er leiar om bord
  • Andre oppgåver i høve til stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
  • Minimum D3-sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskaparVi søkjer ein erfaren og ansvarsbevisst skipsførar med gode leiaregenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysningsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, så tek vi med glede imot søknad frå deg. lVi tilbyr
  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Attrakive velferdsordningar; firmahytter, leiligheter og gode rabattordningar
  • Skiftordning: 2 veker på og 1 veke av/2 veker på og 3 veker av.
Adresse: Ferjesambandet Sykkylven–Magerholm, 6038 Storfjorden, NorgeKontaktinformasjonJonas HovlandRekrutteringsrådgiverE-post: jonas.hovland@fjord1.noOm arbeidsgivarenFjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Fjord1