Forsyningsportør - tilkallingsvikarar

HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

  • Bergen, Vestland
  • Midlertidlig
  • Deltid
  • 11 timer siden
Bemanningssenteret i Helse Bergen, Haukeland Universitetssjukehus, treng fleire forsyningsportørar i tilkallingsstilling. Vikarane vert tilsett i Bemanningssenteret og avtalar sjølv vakter med leiar for forsyningsportørane. Vi søkjer deg som ikkje er ute etter ei full fast stilling, men ønskjer å ha ein jobb ved siden av studiar eller liknande. Helse Bergen har eit enkelt administrativt system, der vikarane kan leggje seg tilgjengeleg for vakter.Arbeidsoppgåver
  • Bestilling av forbruksvarer, væske og tøy
  • Vedlikehald av lager og depot og merking av hyller og skap
  • Transport og handtering av mat, varer, tøy, væske, oksygen, medisinar og avfall
  • Henting og levering av prøver, blod, journalar, utstyr og anna
  • Transport av skitne og reine senger
  • Mindre flytteoppdrag/fjerning av møblar og lignande
  • Arbeidet inneber mykje fysisk aktivitet og kan vere fysisk og psykisk krevjande
Kvalifikasjonar
  • Fullført vidaregåande allmennfagleg eller yrkesfagleg skule
  • Fagbrev i logistikkfaget eller portørfaget er ein fordel
  • Truckførar kl. T1 er en fordel
  • Førarkort for bil kl. B er ein fordel
  • Førstehjelpkurs er ein fordel
  • Det er nødvendig med gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Grunnleggjande datakunnskap
  • Erfaring frå logistikkfaget/detaljhandelen er ein fordel
Personlege eigenskapar
  • Ansvarsbevisst og tillitsskapande
  • Systematisk og strukturert
  • Løysingsorientert
  • Gode evne til samarbeid og kommunikasjon
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • Kunne jobbe bra under press og takle store mengder arbeid
  • Serviceinnstilt
  • Arbeidet kan vere fysisk og psykisk krevjande
  • Godt humør
Vi tilbyr
  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Enkelt system for å administrere eigen tilgjengeligheit
Kontaktinformasjon Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, +47 99426755Arbeidsstad Haukelandsveien 22
5021 BergenNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5012448519
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 19.09.2025Kontaktperson for stillingenCathrine Fauske HaferkampSeksjonsleiar+47 99426755Kopier telefonnummerOm bedriftenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.SektorOffentligNettsted

HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS