Om stillingaEr du strukturert, serviceinnstilt og klar for å bli ein del av Ulstein?Vi søker no etter ein bemanningskoordinator som blir bindeleddet mellom leiarar, leverandørar og innleigd personell. Her vil du jobbe variert og praktisk, med alt frå kontraktsoppfølging og timelister til å sikre god dialog og effektive prosessar.Vi kan tilby deg ein spanande arbeidsplass med kjekke kollegaer, fleksitid og gode forsikrings- og pensjonsordningar.Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om korleis det er å jobbe i Ulstein!.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:17.04.2026Arbeidsgivar:Ulstein Verft ASStad:UlsteinvikStillingstittel:BemanningskoordinatorHeiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5098138992Sosial deling :ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene vil vere varierte, og kan blant anna innebere:
Bidra til oppfølging av kontraktar med underleverandørar
Bistå avdelingsleiarar i kontakt med underleverandør knytt til m.a. organisering/registrering av innleigd personell
Fakturakontroll
Kontroll av timelister
Oppfølging av Påsjå-plikta
Ha oversikt over og bestille kurs og sertifikat til tilsette
Generell støtte til leiarar i vårt produksjonsområde
Kvalifikasjonar
God systemforståing og IT-kompetanse
God skrifteleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjonsevner
Gode samarbeidsevner
Systematisk
God organisasjonsmessig forståing
Vi tilbyr
Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Godt og utviklande arbeidsmiljø
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fleksitidsavtale
Adresse: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik, NorgeKontaktinformasjonOle Osnes GjerdeProduksjonssjefE-post: ole.osnes.gjerde@ulstein.comAnne Holm RoppenHR RådgjevarE-post: anne.roppen@ulstein.comOm arbeidsgivarenULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.