Maskinsjef ressursgruppe Romsdalen, MF Eira

Fjord1 Se alle jobber

  • Molde, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 30 dager siden
Om stillingaAttraktiv turnus: 3 veker på, 3 veker av. Likar du å arbeide operativt og løsningsorientert? Her får du ein fagleg utfordrande jobb med stort læringsutbytte.Som maskinsjef på reservefartøy er du ein nøkkelperson som bidrar til å halde reservefartøy klar til operativ drift. Det inneber vedlikehaldsarbeid og systemarbeid. Du følgjer primært opp reservefartøyet MF Eira, som har base på Bolsønes vertf i Molde. I tillegg vert du utsjekka på fleire rutegåande fartøy i nærleiken av Molde. Ved behov bidrar du til å oppretthalde drift på desse fartøya.Stillinga gjer deg moglegheita til å byggje kompetanse på ei rekke ulike fartøy, konvensjonelle og elektriske. Det er 84/t arbeidsveke i ordinær skiftplan, der du arbeider fra 08:00-20:00. Dersom du går vakter på andre fartøy i rutepakken følgjer du relevant fartøy sin skiftplan.Søker bør bu lokalt.Kvifor bør du søke?
  • Familievenleg turnus: 3 veker på, og 3 veker.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit dyktig og engasjert team.
  • Karrieremoglegheiter: Moglegheiter for fast tilsetting.
NøkkelinformasjonSøknadsfrist:31.03.2026Arbeidsgivar:Fjord1 ASStad:MoldeStillingstittel:Maskinsjef, reservefartøy RomsdalenStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5098051315Startdato:01.04.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Leie det tekniske arbeidet om bord og sørge for at alt utstyr fungerer i samsvar med klasse- og styresmaktene sine krav.
  • Vedlikehald av maskineri og komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem.
  • Samarbeide med skipsførar for å sikre at tryggleikssystemet vert følgt og at ISM-koden er oppfylt.
  • Opplæring av personell og handsaming av alarminstruks.
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar, reservedelsoversikt, samt arkivering og vedlikehald av tekniske dokument.
  • Overvake forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, samt føre maskindagbok og oljedagbok i samsvar med krav.
  • Budsjettere og bestille reservedelar og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
  • Sørgje for oppdatert stoffkartotek, samt reinhald og brannførebygging.
  • Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Kvalifikasjonar
  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
  • Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Personlege eigenskaparVi ser etter ein sjølvstendig og løysingsorientert maskinsjef med teknisk innsikt og gode leiareigenskapar. Du er ansvarsbevisst og nøyaktig, og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik. Samarbeidsevne og eit sterkt fokus på sikkerheit er avgjerande hos oss.Vi tilbyr
  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Maskinistforbund
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Skiftordning: 3 veker på, 3 veker av
Adresse: Bolsønes Verft AS, Fannestrandvegen 66, 6416 Molde, NorgeKontaktinformasjonJonas HovlandRekrutteringsrådgiverE-post: jonas.hovland@fjord1.noOm arbeidsgivarenFjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Fjord1