Ledig fast stilling som radiograf på MR-seksjonen, Radiologisk avdeling

Helse Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 24 dager siden
Om stillingaRadiologisk avdeling er ei høgteknologisk avdeling i stadig endring. Avdelinga har meir enn 350 tilsette, der om lag 160 er radiografar. Avdelinga er inndelt i fleire seksjonar med eiga leiing. Radiologisk avdeling har ein moderne utstyrspark og utfører dei fleste undersøkingar.MR seksjonen har 34 tilsette, av desse 5 merkantile og 28 radiografar og ein leiar. Vi er stasjonert i sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus. MR seksjonen driftar 6 MR maskinar kor av 3 maskinar er 3T og 3 maskinar er 1,5T. Maskinleverandør er GE (2stk) og Siemens (4stk). MR-seksjonen har i hovudsak inneliggande pasientar og pasientar frå intern poliklinikk. Vi utfører også mykje spennande forsking i samarbeid med andre.Vi har turnus med helg, samt bakvaktsordning på natt, som startar i juni.Ved seksjon for MR er det ledig ein 100% stilling som radiograf frå 19.08.2024NøkkelinformasjonSøknadsfrist:01.05.2024Arbeidsgivar:Helse BergenStad:BergenStillingstittel:Ledig fast stilling som radiograf på MR-seksjonen, Radiologisk avdelingStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4793779027Startdato:19.08.2024Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Radiograffaglege oppgåver
  • Pasientadministrasjon
  • Delta i seksjonen sine interne kontrollrutinar
  • Delta i fagleg utvikling av seksjonen
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som radiograf
  • Relevant MR erfaring vil bli vektlagt
  • Må kunne meistre norsk godt både munnleg og skriftleg
  • Må ha gode IKT-kunnskaper
Personlege eigenskapar
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Du er fagleg interessert, fleksibel og sjølvstendig
  • Du er strukturert, nøyaktig og påliteleg
Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vu ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å leggje til rette for inkluderande rekruttering.Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, NorgeKontaktinformasjonHeidi FurevikSeksjonsleiarE-post: heidi.furevik@helse-bergen.noOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Bergen