SeniorrådgjevarVil du jobbe med samfunnsutvikling i Distrikts-Noreg?Om stillingaDistriktssenteret søkjer ein engasjert og kompetent seniorrådgivar som vil bidra til å styrke distriktskommunane i deira samfunnsutviklarrolle.Du skal arbeide for å skape samordning mellom aktørar som fylkeskommunar, statsforvaltarar og andre regionale utviklingsaktørar. Det skal hjelpe kommunane å få betre støtte og verktøy til å møte framtidige utfordringar.Stillinga høyrer til Avdeling for utviklingskapasitet i distriktskommunar, med kontorstad på Leikanger i Sogndal. Du vil dagleg samarbeide med kolleger på alle dei tre kontora våre, i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger.Du vil også samarbeide med tilsette i fylkeskommunen, statsforvaltarane og andre statlege verksemder. Saman vil vi utvikle tilbud og tjenester som er godt tilpassa dei ulike behova og føresetnadene distriktskommunane har. Vi skal ha god dialog med kommunane og samarbeidspartnarane for å utvikle prosessar og arbeidsmetoder som er godt forankra. Å vere prosessleiar og skape framdrift i utviklingsprosessar vil være ei viktig oppgåve for deg.Som seniorrådgjevar vil du jobbe mykje med å
utvikle, formidle og ta i bruk forsknings- og erfaringsbasert kunnskap om utfordringer og moglege løysingar for god lokal utvikling.
utvikle kunnskap, verktøy og metodar til bruk i utviklingsarbeid.
bygge og styrke koordinert samarbeid mellom fylkeskommunar, statsforvaltarar og andre utviklingsaktørar for å støtte distriktskommunane.
gi råd og rettleiing til kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltarar, og bidra med faglege innspel til nasjonal politikkutvikling.
Vi ser etter deg som
har relevant høgare utdanning på masternivå. I særskilde tilfelle kan lang erfaring kompensere for utdanningskravet.
kjenner distriktskommunane sine roller og utfordringar.
har erfaring med å planlegge, leie og gjennomføre innovasjons-, utviklings- eller omstillingsprosjekt.
har god skriftlig og munnleg framstillingsevne på norsk (begge målformer).
Personlige eigenskapar vi legg vekt på
Du har har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Du finn løysingar som tar omsyn til ulike perspektiv.
Du blir motivert av å hjelpe andre med å lykkast.
Du er nysgjerrig og kreativ.
Det er ein fordel om:
samfunnsoppdraget vårt engasjerer deg.
du kjenner deg att i verdiane våre – kompetent, engasjert og folkeleg.
du arbeider sjølvstendig i Microsoft 365 og har lett for å ta i bruk nye verktøy.
I Distriktssenteret får duMeir om DistriktssenteretGjer deg meir kjent med oss på distriktssenteret.noDistriktssenteret - Kompetansesenter for distriktsutviklingDistriktssenteret er ei statleg verksemd som jobbar for å styrke kommunar og regionar si evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn. Bygdeutvikling gjennom butikkutvikling står sentralt i dette arbeidet med Merkur-programmet som eit viktig verktøy.Vi er 28 tilsette fordelt på kontor i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger og har heile Distrikts-Noreg som arbeidsområde.Tenkjer du at du er den rette for stillinga? Ikkje nøl med å sende ein søknad!