Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune

  • Norge
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 17 dager siden
Om stillingaVang folkebibliotek søkjer etter ein person som vil vere sommarvikar i ville, vakre Vang i Valdres i perioden 17. juni - 11. august i 66% stilling.
Biblioteket ligg på Vangstunet i Vang sentrum, og har ingen filialar, men Bok i butikk på Tyinkrysset og i Ryfoss. Biblioteket er ein viktig og aktiv kulturinstitusjon i kommunen, og er samlokalisert med Vang frivilligsentral.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:28.04.2024Arbeidsgivar:Vang KommuneStad:Vang i ValdresStillingstittel:Sommarvikar ved Vang folkebibliotekStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:SommarjobbStillingsprosent:66Webcruiter-ID:4797342202Startdato:17.06.2024Sluttdato:11.08.2024Sosial deling :ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåver vil vere dagleg drift av biblioteket med det som høyrer til av skrankearbeid, bokrydding, handsaming av fjernlån, lage utstillingar og å møte publikum på ein god måte. Det vil vere mogleg for den som får stillinga å vere med å utforme sin eigen arbeidsdag.To kveldar i veka er det arbeidstid til 19.15.Kvalifikasjonar- Fylt 18 år
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Personlig eignaheit vert vektlagt. Stillinga krev gyldig politiattestPersonlege eigenskaparVi søkjer etter ein medarbeidar som har
- Erfaring og interesse for bibliotekarbeid
- Er levande oppteken av litteratur og formidling
- God kompetanse i bruk av digitale verktøy
- God ordenVi tilbyr- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov - og avtaleverk
- Grundig opplæring i bibliotekdrift
- Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektorNærare opplysningar om stillinga kan du få av biblioteksjef Marianne Riste på tlf. 932 49 763.Adresse: Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, NorgeKontaktinformasjonMarianne RisteBibliotekssjefE-post: marianne.riste@vang.kommune.noOm arbeidsgivarenVang kommune som arbeidsgjevar:
  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på
. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang! * Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du påVang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Vang kommune